Kontaktskjemaet blir brukt av privatpersonar som ønskjer å sende inn førespurnader til Skatteetaten.

Start teneste

Skatteetaten sitt tenestetilbod vert påverka som følgje av situasjonen med korona-viruset. For eksempel:

- Vi har avgrensa høve til å skriva ut attestar som krev stempel og signatur. Bestill derfor attesten berre om det er strengt naudsynt. Vi kan ikkje seie kor lang tid det tek før du får attesten.

- Kontora er stengde, men du kan kontakte oss i andre kanalar.

- ID-kontroll ved publikumsmottak på skattekontora er stengd inntil vidare, men det er oppretta ein ny, midlertidig rutine for handtering av ID-kontroll.

På grunn av korona-situasjonen innfører regjeringa tiltakspakkar og Skatteetaten lettar på sanksjonar.

Om denne tenesta

Skal sendast inn ved behov 

Innsending som privatperson: Ingen avgrensingar.

Merk at dersom førespurnaden gjeld tilhøve knytt til næringsverksemd (bedrift/organisasjon), bør ei anna utgåve av skjemaet nyttast:

Kontaktskjema – Skatteetaten (næringsdrivande)

Dette vil sikre at førespurnaden og påfølgjande mottakskvittering også blir synleg for Altinn-brukarar med delegerte rettar for den bedrifta/organisasjonen som ved innsending står som avgivar av skjemaet. 

Kontaktskjemaet blir brukt dersom du ønskjer å ta skriftleg kontakt med Skatteetaten. Du får svaret via Altinn, og blir varsla på SMS og/eller e-post når det er sendt ut.

Dersom du ikkje er e-brukar, kan du i einskilde tilfelle få svaret som brevpost.

Dette skjemaet er definert med private rettar, dvs. at det ikkje er andre enn du sjølv som vil kunne sjå den innsendte førespurnaden, mottakskvitteringa og svaret i Altinn. 

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema