Mva-meldinga skal leverast av dei som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. Den visar kor mykje meirverdiavgift du som avgiftspliktig skal innbetale til staten, eller staten skal tilbakebetale til deg.

For å korrigere terminar før 1. januar 2017, bruk lenka under "Gamle versjonar av skjemaet"

Start teneste

Om denne tenesta

Innlevering kvar annan månad til følgjande datoar:

  1. termin - 10. april
  2. termin - 10. juni
  3. termin - 31. august
  4. termin - 10. oktober
  5. termin - 10. desember
  6. termin - 10. februar

Årstermin - 10. mars

Dersom forfallet er laurdag, søndag eller heilagdag, er det påfølgjande arbeidsdag som er frist for innlevering og betaling.

Du kan søke om kortare terminperiodar. Innleveringsfristen er då 1 månad og 10 dagar etter utløpet av terminperioden.

Du kan også søke om innlevering ein gong per år om du har omsetning under kr 1 million. Vilkåret er at du har levert mva-melding og betalt til vanlege terminar i 12 månader.

Mva-meldinga skal leverast av dei som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret, det vil seie næringsdrivande og offentlege med avgiftspliktig omsetning, uttak og import av varer og tenester.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Ansvarleg revisorRekneskapsmedarbeidar,  Rekneskapsførar utan signeringsrett    eller Revisormedarbeidar

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett,  Kontaktperson NUF  eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing.

Når det gjeld rolla Kontaktperson NUF er dette ei rolle frå Enhetsregisteret som ikke kan delegerast i Altinn.  Den kan imidlertid endrast via Samordnet registermelding.

Mva-meldinga består av eitt skjema (RF-0002).

Alle som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret vil finne skjemaet i sin Meldingsboks i Altinn ca. 40 dagar før innleveringsfristen. Du finn også mva-meldinga under "alle skjema".

Det er ikkje mogleg å sende inn mva-meldinga for einingar som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret.

Du kan gjere bruk av tenesta "Min MVA-konto" for å sjekke mva-reskontro overfor Skatteetaten.

Skal du korrigere mva-meldingar for terminar før 1. januar 2017, brukar du dette skjemaet:

RF-0002 Merverdiavgift (mva/moms) – alminnelig omsetningsoppgave for 2016 og tidligere år

Åpne kontaktskjema