Mva-meldinga for omvend avgiftsplikt gjeld kjøp av avgiftspliktige tenester frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen eller innanlands kjøp av klimakvoter og gull.

For å korrigere terminar før 1. januar 2017, bruk lenka under "Gamle versjonar av skjemaet".

Start teneste

På grunn av korona-situasjonen kan det vere endringar på fristar, sanksjonar eller andre praktiske forordningar. Les meir om regjeringa sine tiltakspakkar og endringar som Skatteetaten gjer.

For mva råkar dette innbetalingsfrist, tvangsmulkt og satsar.

Om denne tenesta

Innlevering kvartalsvis til følgjande datoar:

  1. kvartal – 10. mai
  2. kvartal – 10. august
  3. kvartal – 10. november
  4. kvartal – 10. februar

Mva-meldinga skal berre leverast for dei kvartala det oppstår plikt til å berekne meirverdiavgift.

Du skal ikkje berekne og betale meirverdiavgift før samla kjøp for eitt kvartal overstig 2 000 kroner, meirverdiavgift ikkje medrekna.

 

Mva-meldinga for omvend avgiftsplikt skal leverast av dei næringsdrivande og offentlege verksemder som:

  • ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret, og som
  • kjøper avgiftspliktige tenester frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen eller kjøper klimakvoter og gull frå norskregistrert seljar

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Ansvarleg revisorRekneskapsmedarbeidar, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Revisormedarbeidar .

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing.

Mva-meldinga består av eitt skjema (RF-0005).

Skal du korrigere mva-meldingar for terminar før 1. januar 2017, brukar du dette skjemaet:

RF-0005 Merverdiavgift (mva/moms) – omsetningsoppgåve for omvendt avgiftsplikt for 2016 og tidligere år

Åpne kontaktskjema