Årleg innlevering – 10. april
Dersom forfallet er laurdag, søndag eller heilagdag, er det påfølgjande arbeidsdag som er frist for innlevering og betaling.
Mva-meldinga for primærnæring skal leverast av næringsdrivande innan jordbruk, skogbruk og fiske som har omsetning over ei viss størrelse av avgiftspliktige varer og tenester.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Ansvarleg revisor, Rekneskapsmedarbeidar, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Revisormedarbeidar.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett, Kontaktperson NUF eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing.
Når det gjeld rollen Kontaktperson NUF er dette en rolle som ikkje kan delegeres i Altinn. Den kan imidlertid endrast via Samordnet registermelding.
Opplysningsplikta har heimel i Lov om merverdiavgift og Lov om skatteforvaltning.
Mva-meldinga består av eitt skjema (RF-0004).
Alle som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret vil finne skjemaet i sin Meldingsboks i Altinn ca. 40 dagar før innleveringsfristen. Du finn også mva-meldinga under Skjema og tenester.
Det er ikkje mogleg å sende inn mva-meldinga for einingar som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret.
Du kan gjere bruk av tenesta «Min MVA-konto» for å sjekke mva-reskontro overfor Skatteetaten.
Skal du korrigere mva-meldingar for terminar før 1. januar 2017, skal du bruke dette skjemaet:
Meirverdiavgift (mva/moms) - omsetningsoppgåve for primærnæringa for 2016 og tidlegare år (RF-0004)