Næringsoppgåve 1 (RF-1175) Vedlegg


Om vedleggskjemaet

Du har same frist for å levere RF-1175 som skattemeldinga eller selskapsmeldinga.

Næringsdrivande skal lever næringsoppgåve. Næringsoppgåve 1 (RF-1175) er tilpassa næringsdrivande som berre er bokføringspliktige. Næringsdrivande som fører årsreknskap må bruke Næringsoppgåve 2 (RF-1167). De som utarbeider årsreknskap med begrensa reknskapsplikt kan levere Næringsoppgåve 5 (RF-1368).  Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller lågare i året, er fritekne frå å levere næringsoppgåve.

I tillegg til RF-1175 må alle næringsdrivande normalt levere skjema for utrekning av personinntekt (RF-1224), Avskrivingsskjema (RF-1084) og dersom det er aktuelt, Gevinst- og tapskonto (RF-1219). Krevst det frådrag for kostnader som gjeld stasjonsvogn, varebil, lastebil under 7,5 tonn eller personbil (nytta meir enn 6000 km i næring), skal bilskjema (RF-1125) leverast saman med skattemeldinga.

Du vil ha tilgang til dette skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedleggsskjema til.

Treng du hjelp?

Fagleg brukarstøttet svarer på spørsmål knytta til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema