Næringsrapport skatt

Næringsrapport skatt er ein elektronisk leveringsform for næringsdrivande med enkle skattemessige forhold. Viss løysinga passar for din bedrift, anbefaler vi at du bruker denne når du skal rapportere for 2020. Test-deg sjølv: Eg er Næringsdrivande - kan eg bruke Næringsrapport skatt?

Kvar finn du Næringsrapport skatt?

Sjå og levere Næringsrapport skatt for enkeltpersonføretak frå 7. april 2021.

Sjå og levere Næringsrapport skatt for aksjeselskap frå 22. februar 2021.

Om denne tenesta

Du har same frist for å levere Næringsrapport skatt som for skattemeldinga.  Frist for levering er 31. mai.

Kort om skjemaet

Hjelp og rettleiing

Felta i Næringsrapport skatt inneheld utfyllande hjelpetekser.  Du finn hjelpeteksten ved å trykkje på spørsmålsteiknet ved felta.  Du kan søkje på nummera til postane eller på stikkord.  Det kjem opp hint undervegs som hjelper deg å fylle inn dei rette verdiane.

Du må nytte minimum nivå 3 (MinID) for å komme inn på tenesta.

Treng du hjelp?

Fagleg brukarstøttet svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema