Frå og med 2023 (inntektsåret 2022) skal alle bruke den nye skattemeldinga. Logg deg inn på skatteetaten.no for å kome til rett løysing  skatteetaten.no/skattemelding/

Om denne tenesta

Årleg innlevering – frist 30. april.

Leveringsfritak

Dersom du ikkje skal endre noko i den førehandsutfylte skattemeldinga, kan du velje om du vil levere eller ikkje. Det er uansett viktig at du kontrollerer alle opplysningane, og passar på at all inntekt/formue og alle frådrag er komne med.


Skattemeldinga skal leverast av lønnstakarar og pensjonistar

For å fylle ut Skattemelding for formues- og inntektsskatt krevs rolla Privatperson begrensede rettigheter eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.


Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Kontroller at du har dei naudsynte rollene i god tid før leveringsfristen.

Skattemelding for formues- og inntektsskatt  ̶  lønnstakarar og pensjonistar o.a. er bygd opp av ett hovudskjema for alle og ulike vedleggsskjema for dei som treng det.

Skattemelding for formues- og inntektsskatt – lønnstakarar og pensjonistar (RF-1030) er fylt ut på førehand med opplysningar som Skatteetaten har om deg, anten frå interne register eller som er tilsende frå bankar, forsikringsselskap, ev. arbeidsgivarar og andre offentlege etatar.

Skattytarar som skal levere skattemeldinga på vegne av ein avdød person, kan ikke levere på Internett. Desse må levere på papir.

Dersom du oppdagar at du må endre skattemeldinga på grunn av at du har oppgitt feil, har fått nye eller endra opplysningar for inntektsåret 2019, 2020 eller 2021, treng du ikkje lenger å klage for å få retta opplysningane. I staden kan du sjølv endre opplysninga ved å sende inn RF-1366 Endringsmelding for formue- og inntektsskatt for personlege skattepliktige for det aktuelle året.

Trenger du hjelp?

Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema