Skatteoppgjeret

Du får skatteoppgjeret ditt når vi har behandla skattemeldinga di. Det varierer kor lang tid dette tar. Skatteoppgjer blir sendt ut nesten heile året – frå mars til november. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får igjen, eller kor mykje du må betale (restskatt). 

Når skatteoppgjeret ditt er klart, varslar vi deg på e-post eller sms. 

Sjå skatteoppgjeret ditt

 

 

 

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast av privatpersonar og personleg næringsdrivande som ønskjer å sjå sitt eige skatteoppgjer.

Spørsmål til skatteoppgjeret

Ver vennleg å vent til har fått skatteoppgjeret før du tek kontakt med Skatteetaten.

Skatt til gode

Ver merksam på at sjølv om skatteoppgjeret viser at du har skatt til gode, er det ikkje sikkert at du får beløpet utbetalt. Skyldar du skatt for tidlegare år, vil tilgodebeløpet bli brukt til å dekkje dette. Tilgodebeløpet kan også bli brukt til å dekkje mellom anna skyldig arveavgift, bidragsgjeld, visse kommunale avgifter og årsavgift for bil.

Korleis kjem skattepengane?

Skattepengane blir overførte til bankkonto du har oppgitt eller sendt på utbetalingskort.

Skatteetaten kan ikkje framskynde utbetalinga til deg.

Om personvern

Skattedirektoratet er behandlingsansvarleg etter personopplysningslova for skatteoppgjeret på Internett. Opplysningane blir behandla med heimel i lov.

Opplysningane er underlagt Skatteetaten si teiingsplikt, og Skattedirektoratet har iverksett tryggleikstiltak.

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Skatteetaten:

Kontaktinformasjon

Vanlige spørsmål og svar om skatteoppgjøret

Åpne kontaktskjema