Fristen for å søkje om utsetjing for levering av skattemeldinga for næringsdrivande er 31.05.2021. Rekneskapsførarar og revisorar kan søkje om utsett frist for levering av klientar si skattemelding til 20. august. På grunn av koronapandemien er fristen forlenga og søknaden er ikkje begrensa til 10% av klientmassen. Du kan sjå bort frå utsetjingsdatoen 30. juni i altinn- skjemaet RF-1113. Talet på klientar i skjemaet må grossast opp hvis du skal levere for fleire enn 10% av klientane. Vi oppmodar likevel reknekapsførarar og revisorar til å rapportere pliktige opplysningar så tidleg som mogeleg.

Om denne tenesta

Fristen for å søkje om utsetjing for levering av skattemeldinga for næringsdrivande klienter for inntektsåret 2020 er 31.05.2021. Skjema for søknad om utsett frist for inntektsåret 2020 er tilgjengeleg frå 04.01.2021 til og med 31.05.2021.

Skjema skal nyttast av rekneskapsførarar og revisorar som søkjer utsett frist for levering av skattemelding for sine klientar.

Som følgje av koronapandemien er det gjort følgjande endringar for næringsdrivande:

  • Fristen for utsetjing er forlenga frå 30. juni til 20. august og
  • Avgrensinga til 10 % av klientmassen gjeld ikkje for næringsdrivande klientar

Disse endringane gjeld ikkje søknad om utsetjing på vegne av klientar som er lønntakarar eller pensjonistar.

Rekneskapsførarar og revisorar som skal søkje om å utsetje fristen for å levere skattemelding for klientar leverer skjemaet på rekneskapsføraren eller revisoren sitt fødsels- eller organisasjonsnummer.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering kan du gjøre med rolla Avgrensa signeringsrett, Rekneskapsførar med signeringsrett, Revisorrett eller Ansvarleg revisor.

Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg.  Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

 

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema