Utleige m.m. av fast eigedom (RF-1189) Vedlegg


Om vedleggskjemaet

Du har same frist for å levere RF-1189 som skattemeldinga eller selskapsmeldinga.

Alle som har skattepliktige utleigeinntekter frå fast eigedom i Noreg og i utlandet, skal levere skjemaet om utleiga vert driven utanom næringsverksemd slik at utleigeinntekta ikkje blir teken med i næringsoppgåva. Skjemaet gjeld òg utleige av tomt og grunn, til dømes jordbruksareal. Vidare skal skjemaet nyttast når eigaren yter føderåd i form av burett utanom jord- og skogbruk. Det er ikkje plikt til å levereskjemaet ved utleige av

- fritidsbustad som eigaren sjølv bruker i rimeleg mon
- bustad der utleigeinntekta er skattefri

Er du i tvil om du har plikt til å levere skjemaet, sjå skatteloven § 7-2, sjå skatteetaten.no om skatt ved utleige av bustad og fritidseigedom eller ta kontakt med skattekontoret.

Du vil ha tilgang til dette skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedleggsskjema til.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema