Om denne tenesta

Ved behov

Dersom skjemaet Søknad om verjemål blir sendt inn med feil, kontakt ditt lokale verjemålsorgan. Finn din statsforvaltar på

www.statsforvaltaren.no

Søknad om verjemål kan sendast inn av personen sjølv, nære pårørande, verja til personen viss han eller ho allereie har verje, eller av behandlande lege eller tilsynslege. 

Ein søknad om verjemål sendast inn dersom ein person treng, eller truleg treng, hjelp til å ta hand om sine økonomiske eller personlege interesser på grunn av fysiske og/eller psyksiske tilstandar eller evner. 

Skjemaet sendast inn som privatperson. Skjemaet krev innlogging med tryggleiksnivå 3 eller høgare.

For å møte vilkåra for vedtak om verjemål for vaksne, skal det ligge ved ei legeerklæring.  Sjå Vilkår for å få oppnemnt ei verje under «Nyttige linker».

Legeerklæringa kan, om ho ligg føre, leggjast ved søknaden eller bli sendt direkte til verjemålsorganet.

Bruk skjemaet for erklæring (GA-8026 Erklæring frå lege) frå lege eller anna sakkunnig ved søknad om verjemål. 

Skjema for søknad om verjemål brukast dersom det er behov for å opprette eit verjemål for ein vaksen. Skjemaet brukast og dersom det er behov for å endre eit eksisterande verjemål. 

Søknad om verjemål behandlast av statsforvaltaren i det fylket der personen det gjeld, er folkeregistrert. Dersom det er snakk om å ta frå personen den rettslege handleevna, heilt eller delvis, må saka behandlast av tingretten. 

Trenger du hjelp?

Ved faglige spørsmål, finn riktig kontaktperson i lokal vergemålsmyndighet

Åpne kontaktskjema