HMS-arbeid og HMS-krav

God internkontroll handlar om å jobbe systematisk, veldokumentert og målbevisst med helse, miljø og sikkerheit. Hensikta med god internkontroll er å førebyggje uønskte hendingar, oppnå eit godt arbeidsmiljø, lågt sjukefråvær, høg sikkerheit, god lønnsemd og minimale utslepp.


Krav om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid

Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta) krev at den som er ansvarleg for verksemda sørgjer for systematisk oppfølging av helse, miljø og sikkerheit. HMS-arbeidet skal gjerast i samarbeid med arbeidstakarane og representantane deira. Rutinane skal vere dokumenterte skriftleg, og skal sikre at problem vert oppdaga og tekne hand om i tide.

Kven har krav om eit systematisk HMS-arbeid

Internkontrollforskrifta gjeld all verksemd som er omfatta av bestemde lover som behandlar ulike helse-, miljø- og sikkerheitsomsyn. Du kan gå ut frå at kravet om systematisk HMS-arbeid gjeld for verksemda di, så sant ho produserer, sel eller tilbyr varer eller tenester. Forskrifta gjeld den som er ansvarleg for verksemda, arbeidstakarar i offentlege og private verksemder.

Internkontrollforskrifta

Arbeidsmiljølova

Kom i gang

I Arbeidstilsynets e-læringsverktøy "Arbeidsmiljøguiden" får du oversikt over sentrale aktivitetar, roller og regelverk. Her får du også tips og råd om korleis du kan kome i gang med arbeidsmiljøarbeidet.

Arbeidsmiljøguiden

På Arbeidstilsynets nettsider kan du vidare lese om korleis du kan lage eit HMS-system og dei ulike rollene i HMS-arbeidet.

Arbeidstilsynet om roller i HMS-arbeidet

Alle verksemder skal ha skriftlege utgreiingar av: 

  • Kva mål verksemda har for helse, miljø og sikkerheit
  • Korleis verksemda er organisert
  • Korleis kartlegging av risiko er gjennomført (brev, rapportar, måleresultat og liknande)
  • Kva som skal gjerast, når og av kven, for å fremje helse, miljø og sikkerheit
  • Rutinar for å handtere feil og manglar
  • Korleis HMS-rutinene vert gjennomgåtte for å sikre at dei fungerer etter hensikta

Små verksemder med lite risikofylte aktivitetar treng ikkje ein omfattande dokumentasjon. Rettleiing til internkontrollforskrifta gjev eit godt grunnlag for det du treng til ei lita verksemd.

Rettleiing til Internkontrollforskrifta

HMS-ansvar for andre enn eigne arbeidstakarar

Når fleire verksemder skal utføre arbeid på same arbeidsplass, og ingen vert rekna som hovudbedrift, skal det skriftleg avtalast kven som skal ha ansvaret for samordninga av helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet til dei enkelte verksemdene. Dersom ein slik avtale ikkje kjem i stand, må verksemdene melde frå til Arbeidstilsynet. Då avgjer Arbeidstilsynet kva for verksemd som skal vere hovudbedrift.

Arbeidstilsynet om samordning av HMS-ansvar

Arbeidsmiljølova om pliktene til arbeidsgivar overfor andre enn eigne arbeidstakarar

Krav om opplæring i HMS (helse, miljø og sikkerheit)

Det er ditt ansvar som arbeidsgjevar at arbeidsmiljøet i verksemda er fullt forsvarleg. Då må du ha kunnskap om kva for krav som gjeld, kva som skal til for å få eit godt arbeidsmiljø og korleis det skal arbeidast systematisk med HMS i verksemda. Plikta til å gjennomgå opplæring er personleg og kan ikkje delegerast. Lova stiller ikkje krav til omfanget av opplæringa, men det er ein klar intensjon at arbeidsgjevaren si opplæring skal tilpassast den enkelte verksemda si art, aktivitetar, risiko og storleik.

Rettleiing om plikta til arbeidsgivar til å gjennomgå opplæring i HMS

Arbeidsmiljølova om plikta til arbeidsgivar til å gjennomgå opplæring i HMS

HMS-kort

Byggje- og anleggsbransjen, manuell bilpleie, hjulskift, hjullagring, og reinhaldsbransjen er pålagd å utstyra arbeidstakarane med HMS-kort.

Tilsyn og hjelp med HMS-arbeid

Internkontrollforskrifta heng saman med ei rekkje lover og forskrifter og vert forvalta av fleire ulike instansar. Desse verksemdene fører kontroll med at regelverket vert følgt:

  • Arbeidstilsynet for arbeidsmiljølova
  • Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og kommunale brannvernmyndigheiter for brann- og eksplosjonsvernlova
  • Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og Det lokale el-tilsyn for lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr samt delar av produktkontrollova
  • Miljødirektoratet for forureiningslova, produktkontrollova og delar av genteknologilova
  • Næringslivets sikkerheitsorganisasjon for sivilforsvarslova
  • Sjøfartsdirektoratet for fritidsfartøy
  • Helsedirektoratet for genteknologilova
  • Statens strålevern for strålevernlova og forurensingslova når det gjeld radioaktiv forureining og radioaktivt avfall
  • Luftfartstilsynet (tilsynsmyndighet for arbeidsmiljøet for flygande personell i sivil luftfart)

Kontakt:

Arbeidstilsynet

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Miljødirektoratet

Statsforvalteren

Næringslivets sikkerhetsorganisasjon

Sjøfartsdirektoratet

Helsedirektoratet

Luftfartstilsynet

Statens strålevern

NAV-kontor

Politi

Åpne kontaktskjema