HMS-kort

Bygge- og anleggsnæringa, bilpleiebransjen og reinhaldsbransjen er pålagde å utstyre arbeidstakarane med HMS-kort.


HMS-kort for reinhaldsbransjen

Alle verksemder som sel reinhaldstenester er pålagde å utstyre arbeidstakarane sine med HMS-kort. Dette gjeld også enkeltpersonføretak.
Dersom det blir brukt innleigde arbeidstakarar har utleigeverksemda ansvar for å utstyre dei innleigde arbeidstakarane med HMS-kort. Kravet til HMS-kort er ein del av godkjenningsordninga for reinhaldsverksemder. HMS kort kostar 129,50 kroner + mva., og er gyldig i to år frå det blei skriven ut.

Arbeidstilsynet om HMS-kort i reinhaldsbransjen

HMS-kort for bygge- og anleggsnæringa

Alle som utfører arbeid på bygge- og anleggsplassar skal ha HMS-kort. Dette gjeld også enkeltpersonføretak. Det er arbeidsgivaren eller enkeltpersonføretaket som skal sørgje for at alle har gyldige HMS-kort.
Verksemder som leiger ut arbeidstakarar innan bygge- og anleggsnæringa må bestille HMS-kort til arbeidstakarane sine. Kravet om HMS-kort gjeld også støttefunksjonar som reinhald, kantinedrift og liknande, når dei er fast etablerte innanfor området til anlegget. Personar som transporterer varer til byggeplassen skal vere utstyrte med HMS-kort dersom arbeidet skjer regelmessig. Også handverkarverksemder som tilbyr tenester i forbrukarmarknaden må utstyre arbeidstakarane sine med HMS-kort. HMS kort kostar 129,50 kroner + mva., og er gyldig i to år frå det blei skriven ut.

Arbeidstilsynet om HMS-kort i bygge- og anleggsnæringa

HMS-kort for bilpleiebransjen

Alle arbeidstakarar som skal arbeide med manuell bilpleie, hjulskift eller hjullagring skal ha HMS-kort. Dette gjeld også for innehavar/dagleg leiar av verksemda og innehavar av enkeltpersonføretak som ikkje har arbeidstakarar. Det er arbeidsgivar eller enkeltpersonføretaket som skal sørge for at alle har gyldige HMS-kort. Du må bere HMS-kortet synleg på jobb. Verksemder som leiger ut arbeidstakarar innanfor bilpleie, hjulskift og hjullagring må bestille HMS-kort til arbeidstakarane sine. Kravet til HMS-kort er ein del av godkjenningsordninga for bilpleie, hjulskift og hjullagring. HMS-kort kostar 129,50 kroner + mva, og er gyldig i to år frå det blei skriven ut.

Arbeidstilsynet om HMS-kort for verksemder som driv med manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring

 

Åpne kontaktskjema