Meldeplikt ved arbeidsulykke, yrkesskade og yrkessjukdom

Som arbeidsgivar har du plikt til snarast å varsle Arbeidstilsynet og nærmaste politimyndigheit ved alvorleg personskade eller dødsfall som skjer i samband med arbeid. Yrkesskadar og yrkessjukdom skal også meldast til NAV.


Meldeplikt til Arbeidstilsynet og politi ved alvorlege arbeidsulukker

Ved alvorlege arbeidsulukker som fører til død eller alvorleg skade må arbeidsgjevar straks varsle Arbeidstilsynet og politiet. Etter det første telefonvarselet skal arbeidsgivar stadfeste varselet skriftleg til Arbeidstilsynet. Verneombodet skal ha kopi av stadfestinga.

Arbeidstilsynet om melding av ulykker og skadar

Arbeidstilsynet

Politi

Meldeplikt til NAV ved yrkesskade og yrkessjukdom

Det er di plikt som arbeidsgivar å melde til NAV snarast mogleg når ein arbeidstakar får yrkesskade eller yrkessjukdom. Med yrkesskade meiner ein personskade, sjukdom eller dødsfall som følgje av arbeidsulukke. Melding skal sendast også når ein er i tvil om skaden eller sjukdomen kan gje rett til ytingar. Melding skal uansett sendast dersom NAV eller arbeidstakaren ønskjer det. Er du frilansar eller sjølvstendig næringsdrivande må du sjølv melde skaden eller sjukdomen.

NAV om yrkesskade og yrkessykdom

Dersom arbeidsgivar ikkje melder yrkesskade

Dersom arbeidsgivaren unnlèt å melde ein yrkesskade eller yrkessjukdom til NAV, kan arbeidstakaren gjere dette sjølv. Arbeidstakaren bør også sende skademelding til arbeidsgivaren sitt forsikringsselskap snarast mogleg.

Rett til yrkesskadedekning kan falle bort dersom yrkesskaden eller yrkessjukdomen ikkje er meld innan eitt år etter at arbeidsulukka skjedde, eller den meldepliktige blei klar over årsaka til sjukdomen. Arbeidsgivarar som ikkje melder yrkesskade eller yrkessjukdom kan straffast med bøter.

Folketrygdlova om meldeplikt ved yrkesskade

Folketrygdlova om straff for uriktig opplysningar og å ikkje gi nødvendige opplysningar

Åpne kontaktskjema