Arbeidsgjevaravgift

Som arbeidsgjevar har du ansvar for å rekne ut og betale inn arbeidsgjevaravgift. Grunnlaget for utrekninga er i utgangspunktet brutto lønn. Satsen for utrekninga av arbeidsgjevaravgift varierer mellom 0 og 14,1 prosent alt etter kor i landet verksemda er lokalisert.


Dei enkelte kommunane er plasserte i ulike soner med tilhøyrande differensierte avgiftssatsar. Dersom du driv verksemder i fleire kommunar skal du som hovudregel rekne ut arbeidsgjevaravgift etter satsen som gjeld i den kommunen verksemda er registrert.

Skatteetaten om arbeidsgiveravgift

Skatteetaten – soneplassering

Skatteetaten - avgiftssatser og beregning

Dersom du er tilsett i eige aksjeselskap skal det også reknast ut og betalast arbeidsgjevaravgift av eiga lønn.
Innehavarar av enkeltpersonføretak skal likevel ikkje rekne ut arbeidsgjevaravgift av private uttak.

Arbeidsgjevaravgifta skal visast som ein lønnskostnad og ein gjeldspost i rekneskapen din.

Rapportering og betaling

Forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift skal innbetalast 6 gonger i året. Grunnlaget for betalinga finn du i a-meldinga som du plikter å rapportere den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller andre godtgjersler. Det vert ikkje sendt ut eit eige krav frå skattemyndigheitene.

Folketrygdloven om plikt til å betale arbeidsgiveravgift

Kontakt og hjelp:

Skatteetaten

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema