Feriepengar

Feriepengar tener ein opp året før (oppteningsåret) ferien skal avviklast og vert betalt i staden for lønn ved avvikling av ferien.


Retten til feriepengar

Retten til feriepengar er knytt til arbeidstakarbegrepet – det at ein utfører arbeid i annans teneste. Frilansarar og sjølvstendige oppdragstakarar har vanlegvis ikkje rett på feriepengar etter ferielova. 

Ein arbeidstakar som ikkje var tilsett året før, vil ha rett til ferie, men då utan feriepengar frå noverande arbeidsgjevar. Som arbeidsgjevar må du rekne ut og setje av feriepengar av lønn i rekneskapen din.

Feriepengegrunnlaget

Feriepengane vert rekna ut frå lønna i oppteningsåret. Det er i utgangspunktet godtgjersler for arbeid (arbeidsvederlag) som skal vere med i utrekninga. Bonus og provisjonsbasert lønn, som er avhengig av personleg arbeidsinnsats, skal vere med i grunnlaget for utrekning av feriepengar. Reiseutgifter, diett, losji og feriepengar som er utbetalte i oppteningsåret skal f.eks. ikkje vere med i utrekningsgrunnlaget.

Feriepengane skal du "leggje til side" for dei tilsette, slik at desse vert viste som ein gjeldspost i rekneskapen din. Dette er ei rekneskapsmessig avsetning. Du treng ikkje fysisk å setje av feriepengar på ein eigen bankkonto.

Arbeidstilsynet om feriepenger

Satsar

Feriepengane utgjer minimum 10,2 prosent av lønna.

For arbeidstakarar over 60 år er satsen 12,5 prosent. Dette gjeld for arbeidstakarar som har lovbestemt krav på ferie i fire veker + ein dag. Arbeidstakarar over 60 år har ei ekstra ferieveke.

Mange har gjennom tariffavtale eller annen avtale fem veker ferie. Gjeld dette for bedrifta di må du setje av 12 prosent feriepengar. For arbeidstakarar over 60 år er då satsen 14,3 prosent.

Ferieloven om utbetaling av feriepenger

Utbetaling av feriepengar

Ifølgje ferielova skal du betale ut feriepengane den siste vanlege lønningsdagen før ferien, eller seinast ei veke før arbeidstakaren tek ferie. Det er likevel vanleg å utbetale feriepengane ein bestemd månad (for eksempel juni). Du skal då betale ut vanleg lønn når arbeidstakaren avviklar ferie dersom han eller ho tek ut ferie på eit anna tidspunkt. Det som i praksis skjer er at du "held igjen" lønna den månaden feriepengane vert utbetalte, og utbetalar denne når arbeidstakaren faktisk avviklar ferie.

Ferieloven om utbetaling av feriepenger

Skatt av feriepengar

Feriepengar er som hovudregel fritekne for forskotstrekk. Det betyr at du ikkje skal trekkje skatt av desse når dei vert utbetalte. Feriepengane er likevel skattepliktig inntekt for mottakaren, og med i grunnlaget for utrekning av skatten for inntektsåret. Det som vanlegvis skjer er at det vert trekt litt meir skatt av dei vanlege lønningane resten av året, slik at det rent fysisk ikkje skal trekkjast skatt av feriepengane når dei vert utbetalte.

Skattebetalingsforskriften om feriepenger

Kontakt og hjelp:

Arbeidstilsynet

Åpne kontaktskjema