Krav til reiserekning

Det er strenge krav til innhaldet i ei reiserekning. Ved mangelfull informasjon risikerer mottakaren å måtte skatte for utbetalingane.


Ei reiserekning skal innehalde:

  • Tilsette sitt namn, si adresse og underskrift (eventuelt ved elektronisk signatur)
  • Dato og klokkeslett for avreise og heimkomst
  • Formålet med reisa
  • Kva for arrangement arbeidstakaren har delteke på 

Ved krav om diettgodtgjersle ved overnatting må reiserekninga også innehalde følgjande: 

  • Namn og adresse på overnattingsstaden. Dette gjeld ikkje når den tilsette ordnar overnattinga sjølv og får nattillegg - for eksempel ved privat overnatting. Ved fleire overnattingsstadar, også dato for overnattingane.
  • Type overnatting fordelt på hotell, pensjonat eller privat innkvartering  

Ved krav om bilgodtgjersle må reiserekninga også innehalde: 

  • Reiserute med opplysningar om utgangs- og endepunkt, lokal køyring på oppdragsstaden og eventuell årsak til omkøyringar
  • Totalt køyrd distanse rekna ut på grunnlag av kilometerteljaren til bilen ved byrjing og slutt av kvar tenestereise
  • Namn på passasjerar det krevst passasjertillegg for 

Ved refusjonar må reiserekninga også innehalde:

  • Kvitteringar for alle kostnader (for eksempel fly, drosje og overnatting) 


Enkelte småutgifter som bompengar, parkeringsavgifter o.l. kan påførast utan at det krevst kvittering.

Skattebetalingsforskriften om legitimasjonskrav

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema