Personallister

I enkelte bransjar er ein pålagd å føre personalliste. Denne skal gje ei oversikt over kven som er på jobb til kvar tid, også om dei er ulønte eller innleigde.


Kva bransjar blir omfatta?

Dei bransjane dette gjeld er serveringsstadar, frisørar, skjønnheitspleiarar, bilverkstadar og bilpleiebransjen.

Bokføringsforskriften om personalliste

Personallista kan førast manuelt i ei bok eller i eit elektronisk system som tilfredsstiller krava til innhald. Alle som er registrert i Brønnøysundregistera i dei bransjane som skal føra personallister, kan bestilla gratis personalliste frå Skatteetaten.

Skatteetaten – bestill personallister

Hvordan skal personallisten føres?

Unntak

Du treng ikkje føre personalliste dersom du driv eit enkeltpersonføretak og personalet berre består av deg og ektefelle/sambuar eller barn under 16 år.

Det same gjeld for ansvarlege selskap og aksjeselskap dersom du er dagleg leiar og samstundes deltakar eller aksjonær i føretaket, og at personalet berre består av deg og ektefelle/sambuar eller barn under 16 år.

Skatteetaten om personalliste

Åpne kontaktskjema