Telefon/internett (EK-tjenester)

Dekning av telefon- og/eller internett-kostnader (EK-tenester) for tilsette som kan bruke dette privat, må rapporterast som ein skattepliktig fordel. Det maksimale skattepliktige beløpet er det same uavhengig av kor mange tenester du som arbeidsgjevar dekkjer.


  • Når arbeidsgjevaren betalar fakturaen direkte er fordelen sett til kroner 4 392,- per år. Dette vert lagt til inntekta som eit skattepliktig beløp på den tilsette, uavhengig av det aktuelle beløpet som er dekt av arbeidsgjevaren. Trekkpliktig beløp utgjer kroner 366,- for heile og påbyrja månader.
  • Betalar arbeidstakaren fakturaen sjølv og får beløpet refundert som ei utgiftsgodtgjersle, er det dei faktiske kostnadene som skal skattleggjast, men maksimalt kroner 4 392,-. Beløpet skal du rapportere innan den månaden du dekkjer rekninga.

Fordelen vert vanlegvis rapportert ved lønnskøyringa. Dei fleste lønnssystema har funksjonar for å ta hand om dette.

Desse reglane gjeld berre for tilsette som har behov for EK-tenester i arbeidet. Dekkjer du mobiltelefon eller internett til tilsette som ikkje har tenestleg bruk for dette, skal beløpet som vert dekt skattleggjast fullt ut.

Dersom den tilsette brukar eigen telefon, og kan dokumentere kva for samtalar eller tenester som er jobbrelaterte, kan arbeidsgjevaren dekkje utgiftene utan at det medfører skatteplikt. Dette kan for eksempel gjerast med ei spesifisert rekning frå telefonselskapet. Spesifikasjonen må innehalde tilstrekkeleg informasjon til at det er openbert at den aktuelle utgifta er skulda tenestleg bruk, for eksempel dato, klokkeslett og oppringt nummer i minutt for kvar samtale.

Desse reglane gjeld berre for tilsette som har behov for EK-tenester i arbeidet. Dekkjer du mobiltelefon eller internett til tilsette som eigentlig ikkje har tenestleg bruk for dette, skal beløpet som vert dekt skattleggjast fullt ut.

Skatte-ABC om elektronisk kommunikasjon

Skattlegging av fordel for telefon/internett i enkeltpersonføretak

I eit enkeltpersonføretak må innehavaren også skatte av fordel ved privat bruk av EK-tenester, når dette er ført til frådrag i rekneskapen.. Dette gjer ein ved å redusere det frådragsførte beløpet med inntil kroner 4 392,-. På den måten vert det skattbare overskotet i bedrifta auka.

Skatteetaten om utgifter til telefon, bredbånd m.m. i enkeltpersonforetak

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema