Overdraging av verksemd

Med overdraging av verksemd meiner ein at ei verksemd eller ein del av verksemda vert overført til ein annan eigar/drivar. Reglane om overdraging av verksemd vil kunne gjelde ved sal av verksemd, utleige, overdraging som ledd i arveoppgjer og overgang til ny drivar i samband med anbodsutsetjing.


Kvifor reglar om overdraging av verksemd

Overdraging av verksemd er regulert i arbeidsmiljølova. Hensikta med reglane er å sikre at arbeidstakarane sine vilkår ikkje vert endra på grunn av overdraginga.

Overdraging av verksemd og tilsette sine rettar

Ved overdraging av verksemd overtek ny eigar/drivar i utgangspunktet alle tilsette med deira avtalte vilkår. Også alderspensjon, etterlatnepensjon og uførepensjon vert overførte til ny arbeidsgivar. Dersom ny arbeidsgivar allereie har ei pensjonsordning, kan arbeidsgivaren velje å nytte denne. I realiteten risikerer dermed arbeidstakarane å få ei dårlegare ordning enn det dei hadde hos tidlegare arbeidsgivar.

Arbeidsmiljølova om verksemdsavhending

Overdraging av verksemd og tariffavtale

Dersom verksemda er bunden av tariffavtale(ar), og ny eigar ikkje ønskjer å bli bunden av denne eller desse, må vedkomande gje ei skriftleg erklæring til fagforeinga i løpet av tre veker etter overdraginga.

Drøfting overdraging av verksemd

Både tidlegare og ny eigar/arbeidsgivar pliktar så tidleg som mogleg å informere og drøfte overdraginga med arbeidstakarane sin tillitsvalde. Dersom tidlegare eller ny arbeidsgivar planlegg tiltak overfor arbeidstakarane, skal dette drøftast med tillitsvalde så tidleg som mogleg med sikte på å oppnå ein avtale.

Informasjon til arbeidstakarane

Arbeidstakarar som dette får følgjer for, skal så tidleg som mogleg få informasjon om overdraging av verksemd. Det skal gjevast særskild informasjon om årsaka til overdraginga, fastsett eller foreslått dato for overdraginga, dei rettslege, økonomiske og sosiale følgjene av overdraginga for arbeidstakarane, endringar i tariffavtaleforhold, planlagde tiltak overfor arbeidstakarane, reservasjons- og fortrinnsrett og kva fristar som gjeld.

Arbeidstilsynet om verksemdsavhending

Reservasjon mot å bli med til ny arbeidsgivar

Arbeidstakarar kan reservere seg mot å følgje med over til ny arbeidsgivar. Ved reservasjon stansar arbeidsforholdet på tidspunktet for overdraging av verksemda. Dersom overføringa til ny arbeidsgivar fører til vesentlege endringar eller ulemper for arbeidstakaren, kan arbeidstakaren ha rett til å fortsetje i jobb hos den gamle arbeidsgivaren sin. Det er arbeidsgivaren sitt ansvar å avklare om det er arbeidstakarar som ikkje vil følgje med over til ny arbeidsgivar. Arbeidstakaren har normalt ein frist på 14 dagar til skriftleg å underrette gamal arbeidsgivar dersom vedkomande motset seg overføring til ny arbeidsgivar.

Fortrinnsrett hos tidlegere arbeidsgivar

Arbeidstakarar som har reserverte seg mot å bli med til ny arbeidsgjiar, og som har vore tilsette i minst 12 månader i løpet av dei siste to åra, har fortrinnsrett til ny tilsetjing hos tidlegere arbeidsgivar i eitt år frå overdraging av verksemda. Dette forutset at arbeidstakaren er kvalifisert for eventuelle stillingar.

Overdraging av verksemd og oppseiingar

Ved overdraging av verksemd har dei tilsette eit visst vern mot oppseiingar. Sjølve overdraginga av verksemda kan ikkje nyttast som grunngjeving for å gå til oppseiing. Arbeidsgivaren er likevel ikkje hindra frå å seie opp nokon, men dette må gjennomførast etter dei ordinære reglane for oppseiing. Dette betyr blant anna at alle arbeidstakarar må vurderast ved utvelginga av kven som skal seiast opp, ikkje berre dei arbeidstakarane som følgde med til ny eigar i samband med overdraginga av verksemda.

Overdraging av verksemd frå konkursbu

Ved overdraging frå eit konkursbu gjeld korkje reglane om overføring av lønns- og arbeidsvilkår eller vernet mot oppseiing.

Åpne kontaktskjema