Ferie

Alle arbeidstakarar har krav på minst fire veker + ein dag ferie kvart år. Arbeidstakarar som har fylt 60 år skal ha ei veke ekstra. Det kan avtalast meir ferie enn det som følgjer av lova. Mange har gjennom ein tariffavtale eller annan avtale med arbeidsgjevaren rett til fem veker ferie.


Plikt til å ta ut ferie

Som arbeidsgjevar har du ansvar for at arbeidstakarane tek ut all lovbestemd ferie i løpet av ferieåret. Ferieåret følgjer kalenderåret. Arbeidsgjevarar som ikkje sørgjer for at arbeidstakarar vert gjevne ferie risikerer å bli erstatningspliktig overfor arbeidstakarane. Arbeidstakarane har også plikt til å ta ut ferie. All lovbestemd ferie som ikkje er teken ut i løpet av ferieåret, skal overførast til påfølgjande ferieår. Ferien skal takast ut i feriedagar, ikkje pengar.

Ferieloven

Arbeidstilsynet om ferie

Tidspunkt for uttak av ferie og drøfting av ferielister

Arbeidsgjevaren og arbeidstakaren må drøfte ferietidspunktet og ferielistene i god tid før ferien. Dersom de ikkje blir einige, er det du som arbeidsgjevar som bestemmer når ferien skal avviklast. Alle arbeidstakarar kan likevel krevje minst tre veker samanhengande ferie i perioden 1. juni - 30. september. Resten av den lovbestemde ferien (1 veke + ein dag) skal også vere samanhengande dersom arbeidstakaren krev det. Arbeidstakarane kan krevje å bli orienterte om tidspunkta for ferieavvikling minst to månader før ferien skal starte.

Tidspunkt for ferie

Feriens lengde

 

Ferie, deltid og skiftarbeid

Arbeidstakarar som jobbar deltid eller skift kan ikkje krevje at ferien berre skal leggjast på arbeidsdagane. Har ein arbeidstakar eksempelvis ei veke ferie, vil dette tilsvare seks yrkedagar (lørdag vert rekna som yrkedag i ferielova), uavhengig av om personen i den aktuelle veka berre skulle jobbe to dagar.

Overføring av ferie og uttak av ferie på forskot

Dersom partane er einige om det, kan inntil to veker av den lovbestemde ferien overførast til neste år. Det er også tillate å ta ut inntil to veker ferie på forskot. Reglane om overføring av ferie og forskotsferie kan fråvikast ved tariffavtale eller annan avtale. Der det er avtalt ferie ut over det som er lovbestemt, kan arbeidsgjevaren og arbeidstakaren avtale at også dei ekstra feriedagane kan overførast til året etter.

Utbetaling av lønn i staden for lovbestemd ferie

Det er normalt ikkje tillate å utbetale arbeidstakaren lønn i staden for å gje lovbestemd ferie. Unntaket er utbetaling av feriedagar til gode når ein tilsett sluttar.

Ferie hos ny arbeidsgjevar

Arbeidstakarar som ikkje får avvikla ferie inneverande år før arbeidsforholdet vert avslutta, og byrjar hos ny arbeidsgjevar før 30. september same år, har krav på å få avvikle resterande feriedagar hos ny arbeidsgjevar.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema