Lønt og ulønt permisjon

Arbeidstakarar har i gjevne tilfelle lovfesta rett til permisjon. Om ein arbeidstakar har rett til lønt eller ulønt permisjon er blant anna avhengig av kva for permisjon ho eller han søkjer om/årsak til permisjon. Permisjonen vert oft dekt heilt eller delvis av ytingar frå NAV, anten direkte til arbeidstakaren eller som refusjon til arbeidsgivaren. I andre tilfelle pliktar arbeidsgivaren å dekkje lønna.


Oversikt over ulike typar lovfesta permisjonsrett

Type permisjon/årsak til permisjon Varigheit Kven betalar Lovheimel
Svangerskapskontroll for den som er gravid Alle kontrollar Lønna – vert dekt av arbeidsgjevar Arbeidsmiljølova § 12-1 Folketrygdlova § 14-4
Svangerskapspermisjon Inntil tolv veker under svangerskapet NAV (foreldrepengar) Arbeidsmiljølova § 12-2
Omsorgspermisjon ved fødsel: til faren eller andre som bistår mora To veker Ikkje lovfesta krav på lønn Arbeidsmiljølova § 12-3
Omsorgspermisjon til adoptivforeldre og fosterforeldre ved overtaking av omsorg To veker Ikkje lovfesta krav på lønn Arbeidsmiljølova § 12-3
Fødselspermisjon til mor Dei siste tre vekene før fødsel og dei første seks vekene etter fødsel NAV (foreldrepengar) Arbeidsmiljølova § 12-4 Folketrygdlova § 14-9
Foreldrepermisjon ved fødsel og adopsjon Tolv månader totalt inkludert eventuell svangerskapspermisjon og fødselspermisjon. Meir dersom foreldrepengar vert utbetalte for ein lengre periode. NAV (foreldrepengar) i 49/59 veker ved fødsel og 46/56 veker ved adopsjon. 17/21 veker ekstra ved tvillingfødsel/adopsjon av to barn. 46/56 veker ekstra ved fødsel av tre eller fleire barn, eller dersom tre eller fleire barn vert adopterte samstundes Arbeidsmiljølova § 12-5 Folketrygdlova § 14-9
Permisjon ved overtaking av fosterbarn Inntil 12 månader. 24 månader for forelder som er aleine om omsorgen. Kommunal godtgjersle Arbeidsmiljølova § 12-5
Utvida foreldrepermisjon 12 månader for kvar av foreldra. 24 månader for forelder som er aleine om omsorgen. Ikkje lovfesta krav på lønn Arbeidsmiljølova § 12-5
Delvis foreldrepermisjon Begge foreldra kan ta ut foreldrepermisjon som delvis permisjon innanfor ei tidsramme på tre år NAV (foreldrepengar) Arbeidsmiljølov § 12-6 Folketrygdlova § 14-16
Ammefri Den tida arbeidstakar treng for å amme Lønn i inntil ein time dagleg i barnet sitt første leveår. Vert dekt av arbeidsgjevar. Arbeidsmiljølova § 12-8
Sjukdom hos barn og barnepassar Inntil 10 dagar årleg til kvar av foreldra. 15 dagar ved omsorg for meir enn to barn. Dei ti første dagane vert dekte av arbeidsgjevaren, deretter kan arbeidsgjevaren krevje refusjon frå NAV (omsorgspengar) Arbeidsmiljølova § 12-9 Folketrygdlova §§ 9-5 – 9-9
Barn med kronisk sjukdom, langvarig sjukdom eller nedsett funksjonsevne Inntil 20 dagar årleg til kvar av foreldra, og permisjon til opplæring ved godkjend helseinstitusjon. Dei ti første dagane vert dekte av arbeidsgjevaren, deretter kan arbeidsgjevaren krevje refusjon frå NAV (omsorgspengar). Dersom arbeidstakaren berre har omsorg for eit kronisk sjukt eller funksjonshemma barn over 12 år kan arbeidsgjevaren krevje full refusjon. Arbeidsmiljølova § 12-9 Folketrygdlova §§ 9-5 – 9-9 og § 9-14
Barns sjukehusopphald Når barnet har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie NAV (pleiepengar) Arbeidsmiljølova § 12-9 Folketrygdlova § 9-10
Barn med alvorleg sjukdom eller skade Når barnet har behov for kontinuerleg tilsyn og pleie. NAV (pleiepengar) Arbeidsmiljølova § 12-9 Folketrygdlova § 9-10
Pleie av nærståande i livets sluttfase Inntil 60 dagar NAV (pleiepengar) Arbeidsmiljølova § 12-10 Folketrygdlova § 9-13
Nødvendig omsorg for foreldre, ektefelle, samboar eller registrert partner Inntil 10 dagar årleg Ikkje lovfesta krav på lønn Arbeidsmiljølova § 12-10|
Nødvendig omsorg for funksjonshemma barn over 18 år Inntil 10 dagar årleg Ikkje lovfesta krav på lønn Arbeidsmiljølova § 12-10
Permisjon til utdanning Heiltid eller deltid inntil 3 år. Ikkje lovfesta krav på lønn Arbeidsmiljølova § 12-11
Militærteneste Militærteneste og inntil 24 månader ved internasjonale fredsoperasjonar Ikkje lovfesta krav på lønn, men opptening av feriepengar i opptil 3 månader kvart oppteningsår ved pliktig teneste. Arbeidsmiljølova § 12-12 Ferielova § 10
Offentlege verv I det omfanget som er nødvendig for å oppfylle lovbestemd møteplikt Ikkje lovfesta krav på lønn Arbeidsmiljølova § 12-13
Religiøse høgtider for arbeidstakar som ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja Inntil 2 dagar årleg på religiøse høgtidsdagar. Lønna. Arbeidsgjevaren kan krevje at fridagane vert arbeidde inn på forskot eller i ettertid. Arbeidsmiljølova § 12-15 Lov om trudomssamfunn og ymist anna § 27

Arbeidsmiljølova om rett til permisjon

Arbeidstilsynet om permisjon

Forskottering frå arbeidsgivar 

Som arbeidsgivar kan du velje å forskotere ytingar dei tilsette har krav på. Du betalar då dei tilsette direkte, og sender krav om refusjon frå NAV i ettertid. Dette gjeld for eksempel foreldrepengar, omsorgspengar, pleiepengar og svangerskapspengar til arbeidstakar. Du er ikkje pålagd å gjere dette med mindre det er avtalt i arbeidsavtale eller tariffavtale. Dersom arbeidsgivaren ikkje forskoterer, vert desse ytingane betalte direkte frå NAV til arbeidstakaren. Ytingane vert rekna ut på same måten som sjukepengar. Som arbeidsgjevar vil du ikkje få refusjon for utbetalingar som overstig 6 G (folketrygda sitt grunnbeløp).

NAV om sjukepengar til arbeidstakarar

NAV – grunnbeløpet i folketrygda

Refusjon av omsorgspengar, pleiepengar, opplæringspengar, foreldrepengar eller svangerskapspengar

Før NAV kan betale den tilsette eller betale ut refusjon til deg som arbeidsgivar, må du sende inn skjemaet om inntektsopplysningar til NAV. Du må søkje om refusjon innan tre månader, elles mistar du retten til refusjon. Arbeidstakaren må også søkje om ytingar i rett tid.

NAV – skjema inntektsopplysningar for arbeidstakar

Folketrygdlova om ytingar ved svangerskap, fødsel og adopsjon

Informasjon om dei ulike ytingane finn du hos NAV:

NAV om pleiepengar i sluttfasen av livet

Velferdspermisjon/ulovfesta rett til permisjon

Arbeidsgivaren kan gje arbeidstakaren velferdspermisjon i situasjonar kor arbeidstakaren har behov for fråvær frå jobben for kortare tidsrom. Eksempel på tilfelle kor det ofte vert gjeve velferdspermisjon er i samband med legetime, flytting, tilvenjing i barnehage, dødsfall eller gravferd for nærståande.

Om arbeidstakaren har rett til slik permisjon og om permisjonen vert gjeve med eller utan lønn vil ofte gå fram av avtalar (eksempelvis tariffavtalar) eller bedrifta sine interne reglar.

Spørsmål om permisjon

Arbeidstilsynet svarar på spørsmål om retten til permisjon.

Arbeidstilsynet

Spørsmål om ytelser under permisjon

NAV svarar på spørsmål om retten til ytingar frå NAV eller arbeidsgivaren under fråvær.

NAV-kontor

Åpne kontaktskjema