Rettar ved graviditet, fødsel, adopsjon og omsorg for små barn

Arbeidstakarar og sjølvstendige næringsdrivande har ei rekkje rettar i samband med graviditet, fødsel, adopsjon og omsorg for små barn.


Reglar om permisjon

Retten til permisjon ved graviditet, fødsel, adopsjon og omsorg for små barn følgjer av arbeidsmiljølova, medan reglane om ytingar knytt til dette er å finna i Folketrygdloven.

Arbeidsmiljølova om rett til permisjon

Folketrygdlova om ytingar ved svangerskap, fødsel og adopsjon

Svangerskapskontroll

Gravide arbeidstakarar har rett til fri med lønn i samband med svangerskapskontroll.

Svangerskapspengar

Friske, gravide kvinner som ikkje kan jobbe under svangerskapet fordi det kan medføre risiko for skade på fosteret, kan få svangerskapspengar. Det er eit krav at det ikkje er mogleg med omplassering eller tilrettelegging for anna arbeid.

NAV om svangerskapspengar

Permisjon i samband med fødsel

II samband med fødselen har faren, medmora eller den som hjelper mora under graviditeten rett til to veker permisjon. Om permisjonen vil vere lønt er avhengig av kva avtalar som finst. 

Arbeidstakarar som ikkje får lønn i desse to vekene, kan velje å ta ut foreldrepengar. Desse to vekene (10 dagar betalt sidan foreldrepengar blir utbetalte mandag - fredag) vil da gå til fråtrekk i den totale foreldrepengeperioden.

Kven kan få foreldrepengar

Arbeidstakaren kan få foreldrepengar dersom hen har vore yrkesaktiv i minst seks av dei siste ti månadene før foreldrepengeperioden startar. Også sjølvstendige næringsdrivande har rett til foreldrepengar.

NAV om foreldrepengar

Utrekning av foreldrepengar

For arbeidstakarar blir foreldrepengane som hovudregel rekna ut etter ei fastsett månadsinntekt basert på gjennomsnittet av inntekter som er rapporterte til a-ordninga dei tre siste kalendermånadene før permisjonen startar. Er du sjølvstendig næringsdrivande blir foreldrepengane som hovudregel rekna ut på grunnlag av gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta for dei tre siste åra du har fått skatteoppgjer for. NAV dekker ikkje foreldrepengar for ei årsinntekt som overstig seks gonger grunnbeløpet i folketrygda. Enkelte arbeidsgivarar dekkjer det overskytande beløpet for dei som tener meir enn seks gonger grunnbeløpet (6 G). Dette er ikkje lovpålagt, og må eventuelt avtalast mellom arbeidsgivaren og arbeidstakaren.

Foreldrepengeperioden

Den samla stønadsperioden for foreldrepengar ved fødsel er 49 veker med 100 prosent dekningsgrad eller 59 veker med 80 prosent dekningsgrad. Den samla foreldrepengeperioden for adopsjon er 46 veker (100 prosent dekningsgrad) og 56 veker (80 prosent dekningsgrad). Foreldrepengar ved adopsjon startar når foreldra tar over omsorgen for barnet. Ved tvillingfødslar eller dersom to barn blir adopterte samtidig blir perioden utvida med høvesvis 17 veker med 100 prosent dekningsgrad eller 21 veker med 80 prosent dekningsgrad. Ved fødslar av tre eller fleire barn, eller dersom tre eller fleire barn blir adopterte samtidig, blir perioden utvida med høvesvis 46 veker med 100 prosent dekningsgrad eller 56 veker med 80 prosent dekningsgrad. Ved fødsel før 33 veka i svangerskapet blir stønadsperioden forlenga med tilsvarande antal dagar frå fødselsdatoen til og med dagen før termindatoen. Dersom foreldra får pleiepengar går antalet dagar med pleiepengar til frådrag i forlenginga.

NAV om foreldrepengeperioden

Når kan ein ta ut foreldrepermisjon?

Mor har rett til å starte permisjonen sin inntil tolv veker før terminen. Foreldrepengeperioden ved fødsel startar seinast tre veker før termindatoen.

Fordeling av foreldrepengeperioden

Foreldrepengeperioden består av ein mødrekvote på 15 veker (der dei første seks vekene må takast rett etter fødselen), ein fedrekvote på 15 veker, ein periode på tre veker før terminen til mora og ein fellesperiode på 16 veker (totalt 49 veker). Dersom ein har vald 80 prosent dekningsgrad (lav sats) består foreldrepengeperioden av ein mødrekvote på 19 veker (der dei første seks vekene må takast rett etter fødselen), ein fedrekvote på 19 veker, ein periode på tre veker før terminen til mora og ein fellesperiode på 18 veker (totalt 59 veker). Skjer fødselen etter termindato, vil dagane frå terminen fram til fødselen bli trekte frå fellesperioden. Resten av fellesperioden kan delast fritt.

Far kan ta ut inntil 10 stønadsdagar (to veker) i samband med fødselen.

Dersom berre far eller medmor har rett til foreldrepengar

Dersom berre faren eller medmora har rett til foreldrepengar, får han/ho heile foreldrepengeperioden, med unntak av dei ni vekene som er sette av til mora rett før og etter fødselen. Dette gjeld både ved fødsel og adopsjon. Faren eller medmora kan ta ut foreldrepengeperioden frå veke sju etter fødselen. Ved adopsjon startar foreldrepengeperioden frå omsorgsovertakinga.
Startar faren eller medmora uttaket av foreldrepengeperioden seinare får han/ho færre veker med foreldrepengar. Det er ein føresetnad for faren eller medmora sitt uttak av foreldrepengar i desse tilfella at mora enten er i arbeid, tar godkjend heiltidsutdanning, har stadfesting frå lege om at ho er heilt avhengig av hjelp til å ta seg av barnet, eller deltar på eit introduksjonsprogram eller kvalifiseringsprogram. Far/medmor kan uansett ta ut foreldrepengar i 8 veker utan at det blir stilt krav til at mor må vere i aktivitet.

NAV om medmorskap

Fleksibelt uttak

Foreldrepermisjonen kan takast ut gradert, eller ein kan utsette permisjonen. Dette blir kalla fleksibelt uttak. Du kan ikkje få foreldrepengar lenger enn tre år etter fødselen eller overtakinga av omsorg ved adopsjon.

Tilleggspermisjon

Kvar av foreldra har rett til tilleggspermisjon i inntil tolv månader. Ved uttak av tilleggspermisjon vil dei ikkje ha rett til foreldrepengar.

Arbeidsmiljølova om foreldrepermisjon

Varsling til arbeidsgivar

Arbeidstakar pliktar å varsle arbeidsgivaren (ikkje søkje) om fødsels-/foreldrepermisjonen snarast mogleg. For lengre fråvær gjeld krav om fleire vekers forvarsel. Behovet skal om nødvendig dokumenterast.

Arbeidsmiljølova om forvarsel til arbeidsgivar

Søkje foreldrepengar/refusjon av foreldrepengar

Sjølvstendige næringsdrivande må søkje NAV om foreldrepengar. Arbeidsgivaren kan søkje om refusjon frå folketrygda dersom han eller ho betalar ut full lønn til arbeidstakar i permisjonstida. Dette gjer ein ved at arbeidsgjevaren opplyser om dette på inntektsmeldinga. Arbeidstakar må sende eigen søknad om foreldrepengar uavhengig av om arbeidsgivaren betalar ut foreldrepengar direkte til arbeidstakar.

NAV om refusjon av foreldrepengar og svangerskapspengar

Søknad om foreldrepengar

Sjå også - rettar når ein har sjuke barn

Åpne kontaktskjema