Permittering

Med permittering meiner ein at arbeidstakar mellombels vert friteken for arbeidsplikt i samband med driftsinnskrenking eller driftsstans.


Permittering kan setjast i verk anten i ein samanhengande periode (heil permittering) eller ved innføring av redusert arbeidstid (delvis permittering). Den permitterte arbeidstakaren har framleis status som tilsett. Arbeidsgjevaren blir etter nærmare reglar friteken frå lønnsplikta for ein avgrensa periode. NAV vurderer om permitteringsårsaka gjev rett til dagpengar.

NAV om permittering og oppsigelse

NAV om dagpenger under permittering

 

Vilkår for permittering

For at du skal kunne permittere tilsette, må det liggje føre ein sakleg grunn. Eksempel på dette kan vere ordremangel og fulle lager, tap av anbod, ulukker og naturhendingar. Vidare vert det kravd at du som arbeidsgjevar har gjort det som er rimeleg at ein kan krevje for å unngå permittering. Permitteringa må vere basert på forhold som er å sjå på som mellombelse. Dersom det ikkje er rimeleg grunn til å tru at arbeidstakaren vil bli teken tilbake i arbeid, må bedrifta heller gå til oppseiing.

Arbeidstilsynets faktaside om permittering

 

Kven kan permitterast

I hovudsak er det personar som vert definerte som arbeidstakarar som kan permitterast. Innehavaren av eit enkeltpersonføretak vert definert som sjølvstendig næringsdrivande og kan ikkje permittere seg sjølv. Tilsette i eige aksjeselskap er å sjå på som arbeidstakarar og har normalt rett til dagpengar ved permittering. Dersom den eineste tilsette i eige AS permitterer seg sjølv med ein permitteringsgrad på 80 prosent eller meir, vil vedkomande likevel normalt ikkje ha rett til dagpengar under permittering.

Maksimal permitteringslengde

Ein arbeidsgjevar kan permittere tilsette i ein periode på 52 veker i løpet av 18 månader.

Drøftingsmøte før permittering

Før permittering må du som arbeidsgjevar avholde drøftingsmøte med dei tillitsvalde. Her må du gjere greie for nødvendigheita av permittering og kva for arbeidstakarar dette gjeld. Dersom permitteringa ikkje gjeld alle, må utvelginga vere basert på saklege kriterium ut frå behova til verksemda (+eksempel på kriterium kan vere ansiennitet, ønskjelege eigenskapar og kompetanse). Det skal førast protokoll frå dette møtet, kor det blant anna skal gå fram kva arbeidsgjevaren har gjort for å unngå permittering.

Varsel til det tilsette

Dei tilsette skal ha skriftleg permitteringsvarsel seinast 14 dagar før permitteringa trer i kraft. Ved uventa hendingar som for eksempel brann er fristen normalt to dagar. Varselet skal vere datert, med informasjon om tidspunkt for start av permittering, årsak til permittering, permitteringsgrad, lengda på permitteringa og kor mange dagar arbeidsgjevaren har lovpålagd lønnsplikt. Dersom lengda på permitteringa er usikker, bør sannsynleg lengde førast opp. I desse tilfella må spørsmålet om vidare permittering drøftast med dei tillitsvalde innan ein månad.

Permitteringsvarsel.doc

Trekkje tilbake varsla permittering

Iverksetjing av ei varsla permittering kan utsetjast, men arbeidstakarane må varslast om dette snarast mogleg.

Meldeplikt til NAV

Du må melde fra til NAV dersom minst 10 av arbeidstakarane dine blir permitterte utan lønn, eller får arbeidstida si kvar veke redusert med meir enn 50 prosent i meir enn fire veker. Meldeplikta skal sikre at NAV kan hjelpe verksemda og dei arbeidstakarane som det gjeld.

A-melding og permittering

Ved permittering skal arbeidstakarar ikkje meldast ut av Aa-registeret, men det skal førast opp i A-meldinga at arbeidstakaren er permittert.

Lønnspliktdager

Du må betale lønn de 10 første dagene av permitteringen (lønnspliktdager, det vil si dager hvor arbeidstaker normalt skulle ha vært i arbeid). Hvis arbeidstaker er sykmeldt før permitteringen starter, skal arbeidsgiver ikke betale lønnspliktdager før arbeidstaker er friskmeldt.

Lov om lønnsplikt under permittering

 

Dagpengar ved permittering

Permitterte arbeidstakarar kan søkje dagpengar frå NAV. NAV må ha dokumentasjon på alle forhold ved permitteringa. Når du søkjer om dagpengar ved permittering vil du få beskjed om kva for opplysningar som er nødvendige.

NAV om dagpenger under permittering

  

Permittering i forbindelse med jul og påske

Det vert ikkje utbetalt dagpengar ved permittering i tida frå og med 20. desember til og med 1. januar, og frå og med palmesøndag og til med 2. påskedag, med mindre arbeidstakaren har vore permittert i meir enn 6 veker eller permitteringa skuldast ulukke, naturtilhøve eller andre uventa hendingar.

Mer informasjon om permittering

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema