Under og etter permittering

Etter at permittering er sett i verk, kan det bli behov for å ta ein eller fleire arbeidstakarar tilbake i jobb for eit kortare tidsrom, men også utvide permitteringsgraden eller forlengje permitteringa. Arbeidstakarar kan avvikle ferie eller bli sjukemelde under permittering. Det er eigne reglar for oppseiing ved permittering og for plikta til å stille på jobb etter enda permittering.


Arbeid under permittering

Arbeidstakarar kan utføre arbeid i permitteringstida. Varar arbeidet meir enn seks veker, vil vidare permittering vere å rekne som ny permitteringsperiode, og det må bli gjeven eit nytt varsel og utbetalast nye lønnspliktdagar. Arbeidstakaren må gje informasjon til NAV via meldekort om kor mange timar han/ho har arbeidd.

Utviding av permitteringsgraden etter permittering er sett i verk

Permitteringsgraden kan utvidast etter at permitteringa har starta, og utan at lønnspliktdagane vert påverka. Du bør sende ut nytt varsel seinast 14 dagar før permitteringsgraden vert utvida.

NAV om å søka dagpengar under permittering

Arbeidstilsynets om permittering

Forlenging av permittering

I utgangspunktet kan ei permittering som er starta forlengast innanfor den maksimale permitteringsperioden. Ved forlenging av permittering bør du sende ut eit nytt varsel.

Permittering av sjukemelde arbeidstakarar

Dersom arbeidstakaren blir sjuk under lønnspliktdagane vil lønnspliktdagane stoppe opp, og det vil bli rekna ut sjukepengar av dagpengegrunnlaget. Blir arbeidstakaren sjukemeld etter at permitteringa er sett i verk, vil NAV vere forplikta til å betale sjukepengar. Sjukepengane vil bli rekna ut på grunnlag av dagpengane. Dersom arbeidstakaren framleis er sjukemeld når permitteringa er over, vil sjukepengane bli rekna ut på grunnlag av arbeidsinntekta frå dette tidspunktet.

Ferie under permittering

I utgangspunktet skal ferie avviklast som normalt. Du og dei tilsette kan likevel bli einige om å flytte ferien etter reglane i ferielova. Dersom ein arbeidstakaren tek ut ferie under permittering skal det utbetalast feriepengar for denne perioden. Ferie tel ikkje med som permitteringstid.

Oppseiing under permittering

Arbeidstakarar kan seiast opp mens dei er permitterte. Dei har då rett til å tre inn i arbeidet og til å få utbetalt lønn i oppseiingstida. Arbeidstakar som er permitterte utan lønn kan sjølv seie opp stillinga si med ein oppseiingsfrist på 14 dagar. I slike tilfelle vil arbeidstakar normalt ikkje ha rett til lønn i oppseiingstida. Anna kan gå fram av ein tariffavtale eller annan avtale. Dersom permitteringa har vara i over tre månader, og det ikkje er varsla eit spesielt tidspunkt for når permitteringa sluttar, kan arbeidstakaren normalt slutte utan oppseiingstid dersom han/ho skal byrje i ny jobb.

NAV om oppsigelse i permitteringstiden

Etter permittering

Arbeidstakar pliktar å stille på jobb igjen så snart den varsla permitteringsperioden er over, utan ytterlegare varsel frå arbeidsgjevar. Ved permittering på ubestemd tid må arbeidstakar stille på jobb når han/ho får beskjed om det. Arbeidstakar bør likevel bli gjeven ein frist på 1 - 2 dagar.

Lov om lønnsplikt under permittering

Åpne kontaktskjema