Sjukepengar for frilansarar

Som frilansar har du dårlegare sjukepengerettar enn arbeidstakarar, men du kan forsikre deg for å få betre dekning.


Når får du sjukepengar som frilansar

Som frilansar får du 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå og med 17. sjukedag. (Til samanlikning får ein arbeidstakar 100 prosent sjukepengedekning frå første sjukedag). Dei første 16 dagane vert talde frå du oppsøkjer lege eller NAV får melding om arbeidsuførleiken.

NAV om sykepenger til selvstendig næringsdrivende og frilansere

Folketrygdloven om sykepenger for frilansere

Utrekning av sjukepengegrunnlag for frilansarar

Når NAV skal betale sjukepengar må det fastsetjast eit sjukepengegrunnlag. Dette blir vanlegvis berekna ut frå gjennomsnittet av frilansinntekta som blir rapportert til a-ordningen for dei tre siste kalendermånadene før du vart sjuk.

NAV – grunnbeløpet (G)

Dersom du har inntekt både som frilansar og arbeidstakar, vert sjukepengane utbetalte etter reglane for arbeidstakarar. 

Frivillig sjukepengeforsikring for frilansarar

Det er mogleg å teikne frivillig sjukepengeforsikring gjennom NAV for å oppnå 100 prosent sjukepengedekning frå første sjukedag.

Premien for sjukepengeforsikringa er 3,3 prosent av forventa årsinntekt.

Også for den frivillige sjukepengeforsikringa gjeld ei øvre grense for sjukepengegrunnlaget på seks gonger folketrygda sitt grunnbeløp (6 G). Dette betyr at du ikkje får dekning via forsikringa for inntekter over 6 G.

Premien for frivillig sjukepengeforsikring kan trekkjast frå på skattemeldinga.

NAV om sykepengeforsikring for frilansere

Søkje om sykepengar

Hos NAV finn du informasjon om korleis du søkjer om sjukepengar og korleis desse vert utbetalt.

NAV - hvordan søker du om sykepenger

Åpne kontaktskjema