Sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande

Sjukepengar skal kompensere for bortfall av inntekt for deg som er arbeidsufør på grunn av sjukdom eller skade. Som sjølvstendig næringsdrivande (det vil seie at du driv ditt eige enkeltpersonføretak eller er deltakar i eit ansvarleg selskap) har du lågare sjukepengedekning enn arbeidstakarar. Du kan likevel forsikre deg for å få betre dekning.


Når får du sjukepengar som sjølvstendig næringsdrivande?

Som sjølvstendig næringsdrivande får du 80 % av sjukepengegrunnlaget frå og med 17. sjukedag. Dei 16 dagane vert talde frå du oppsøkjer lege, eller fra NAV får melding om arbeidsuførleiken. Det vert ikkje rekna sjukepengar av inntekt over 6 G (for tida 599 148,-).

NAV om sykepenger til selvstendig næringsdrivende og frilansere

Sykepenger for selvstendig næringsdrivende

 

Utrekning av sjukepengegrunnlag for sjølvstendig næringsdrivande

Når NAV skal betale sjukepengar må det fastsetjast eit sjukepengegrunnlag. Dette vert vanlegvis rekna ut frå gjennomsnittet av pensjonspoengtala for dei siste tre åra du har fått skatteoppgjer for. Sjukepengegrunnlaget er avgrensa opp til seks gonger grunnbeløpet (G). Dersom næringsverksemda starta for mindre enn tre år sidan, eller inntekta er varig endra med eit avvik på meir enn 25 prosent jamført med det utrekna sjukepengegrunnlaget, vil sjukepengegrunnlaget fastsetjast ved skjøn.

Dersom du har inntekt både som arbeidstakar og som sjølvstendig næringsdrivande, blir sjukepengane rekna ut på grunnlag av den samla årlege inntekta etter særskilte reglar.

Frivillig sjukepengeforsikring

For å oppnå betre sjukepengedekning enn 80% frå 17. sjukedag må du teikne frivillig sjukepengeforsikring gjennom NAV. Det finst tre alternative forsikringar.

Type sjukepengeordning Forsikringspremie
Ordinær sjukepengeordning med 80 % sjukepengedekning frå 17. sjukedag Ingen
Frivillig sjukepengeforsikring med 80 % sjukepengedekning frå 1. sjukedag 2,3 % av forventa årsinntekt
Frivillig sjukepengeforsikring med 100 % sjukepengedekning frå 17. sjukedag 2,0 % av forventa årsinntekt
Frivillig sjukepengeforsikring med 100 % sjukepengedekning frå 1. sjukedag 9,4 % av forventa årsinntekt

Også for dei frivillige sjukepengeforsikringane gjeld ei øvre grense for sjukepengegrunnlaget på seks gonger grunnbeløpet (G), som betyr at du ikkje får dekning via forsikringa for inntekter over 6 G.

Premien for frivillig sjukepengeforsikring kan trekkjast frå på skattemeldinga.

NAV om sykepengeforsikring for selvstendig næringsdrivende

Frivillig yrkesskadetrygd for selvstendige og frilansere

 

Søkje om sjukepengar

Hos NAV finn du informasjon om korleis du søkjer om sjukepengar og korleis desse vert utbetalte.

Søknad fra selvstendig næringsdrivende og frilansere om opptak i frivillig trygd med rett til særytelser ved yrkesskade

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema