Sjukefråvær og sjukepengar

Som arbeidsgjevar har du ansvar for å følgje opp sjukemelde og førebyggje sjukefråvær. Når arbeidstakaren blir sjuk, har både arbeidstakaren og du som arbeidsgivar eit ansvar.


Melding om sjukefråvær

Arbeidstakar må varsle arbeidsgivaren så snart som mogleg ved sjukefråvær. Du kan ikkje krevje å få vite årsaka til sjukefråværet. Plikta til å betale sjukepengar startar den dagen du har fått beskjed om fråværet, med mindre arbeidstakar har vore hindra i å melde frå.

NAV om ulike former for sjukemelding

Når må du betale sjukepengar

Som arbeidsgivar må du betale sjukepengar i eit tidsrom på opptil 16 kalenderdagar (arbeidsgivarperioden). Alle dagar blir talde med, ikkje berre dagar arbeidstakaren skulle vore på jobb. Arbeidsgivarperioden blir rekna frå og med første heile sjukefråværsdag. Arbeidstakaren må ha jobba hos deg i minst fire veker for å ha rett til sjukepengar frå deg.

Dersom ein tilsett blir sjuk på nytt når det har gått mindre enn 16 kalenderdagar sidan førre sjukefråvær, skal dette reknast med i same arbeidsgivarperiode. Dersom det har gått meir enn 16 kalenderdagar sidan arbeidstakaren kom tilbake i jobb, vil du ha plikt til å betale sjukepengar for ein ny arbeidsgivarperiode ved nytt fråvær.

Dersom det er bestemt i arbeidsavtalen eller tariffavtalen at arbeidsgivaren skal betale full lønn under sjukdom, gjeld vanlege lønnsutbetalingar under sjukefråvær. Som arbeidsgivar kan du krevje sjukepengane refunderte frå NAV. Du vil ikkje få refusjon for utbetalingar som overstig seks gonger folketrygda sitt grunnbeløp (6 G).

NAV – grunnbeløpet (G)

NAV om sjukepengar til arbeidstakarar

Folketrygdlova om generelle reglar for rett til sjukepengar

Eigenmelding

Eigenmelding inneber at ein tilsett melder frå om at hen er arbeidsufør på grunn av sjukdom eller skade, utan å legge fram legeerklæring. For å kunne bruke eigenmelding må arbeidstakaren ha arbeidd hos deg i minst to månader. Ved fråvær ut over tre kalenderdagar kan arbeidsgivar krevje sjukemelding. (Dersom første fråværsdag er ein fredag, og arbeidstakar framleis er sjuk på måndag, er måndag fjerde kalenderdag av sjukefråværet, og det kan derfor krevjast sjukemelding frå og med måndag.)

Dersom arbeidstakaren blir sjuk igjen og leverer ny eigenmelding før det har gått 16 kalenderdagar, gjeld den same arbeidsgjevarperioden vidare.

Du kan bestemme at retten til å bruke eigenmelding skal vere avgrensa til fire gonger i løpet av ein periode på 12 månader. Det er her utan betyding om fråværet er ein, to eller tre dagar. Arbeidsgivar kan innanfor arbeidsgivarperioden gi arbeidstakarane rett til å bruke eigenmelding ut over tre kalenderdagar, og har plikt til å drøfte med dei tillitsvalde om det skal bli gitt utvida rett til å bruke eigenmelding.

NAV om eigenmelding

Folketrygdlova om eigenmelding

Utvida eigenmelding

Arbeidsgivar kan gi arbeidstakarane rett til å bruke eigenmelding ut over retten som følgjer av folketrygdlova. Tilsette i IA-verksemder (verksemd som har forplikta seg til IA-avtalen om inkluderande arbeidsliv) hadde fram til 1. januar 2019 rett til eigenmeldt sjukefråvær på inntil åtte dagar per sjukdomstilfelle, totalt 24 dagar per år. IA-avtalen som gjeld frå 2019 og ut 2024 oppfordrar alle verksemder til å vurdere ordninga med utvida eigenmelding.

NAV om inkluderande arbeidsliv (IA)

Tap av retten til å bruke eigenmelding

Som arbeidsgivar kan du ta frå ein arbeidstakar retten til å få sjukepengar på grunnlag av eigenmelding dersom hen i løpet av 12 månader har hatt minst fire fråvær utan å legge fram legeerklæring, eller du som arbeidsgivar har rimeleg grunn til å gå ut frå at fråværet ikkje skuldast sjukdom. Før du tar frå arbeidstakaren denne retten skal hen ha anledning til å uttale seg. Ei avgjerd om å ta frå ein arbeidstakaren retten til å bruke eigenmelding skal vurderast på nytt etter seks månader.

Folketrygdlova om tap av retten til å nytta eigenmelding

NAV – rundskriv om tap av retten til å nytta eigenmelding

NAV om inkluderande arbeidsliv (IA)

Sjukemelding

Sjukemelding kan skrivast ut av lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut. Det finst ulike former for sjukemelding. Ved gradert sjukemelding (kan ikkje vere lågare enn 20 prosent) kan kontakten med arbeidsplassen oppretthaldast samtidig som du drar nytte av restarbeidsevna. Tidsrom med graderte sjukepengar blir rekna med i den totale lengda på sjukepengeperioden. Dette betyr at ein vil bruke same antal sjukepengedagar ved eksempelvis ein månad gradert sjukemelding som ved ein månad med 100 prosent sjukemelding.

Avventande sjukemelding

Avventande sjukemelding er ein beskjed til arbeidsgivaren om at sjukemelding kan bli unngått dersom arbeidet blir lagt til rette. Dersom tilrettelegging ikkje er mogleg og den tilsette blir heilt borte frå jobben, endrar legen den avventande sjukemeldinga til ei ordinær sjukemelding. Sjukemeldinga gjeld då frå startdatoen for den avventande sjukemeldinga.

Digital sjukemelding og oppfølgingsplan

Alle sjukemelde arbeidstakarar kan ta imot og sende sjukemeldinga og søknaden om sjukepengar  elektronisk til arbeidsgivaren sin. Etter sjukemelding får arbeidstakaren eit varsel på SMS eller e-post med oppfordring om å logge seg inn på nav.no. Her kan hen sjå sjukemeldinga og sende ho til deg. Du vil få sjukemeldinga i innboksen i Altinn. Samtidig kan du som arbeidsgivar sende NAV informasjon om kven som er nærmaste leiar med personalansvar for den sjukemelde. Då får leiaren tilgang til ei eiga side med oversikt over sjukemeldingane og informasjon om oppfølginga.

NAV om sjukemeld arbeidstakar

NAV om digital sjukemelding - informasjon til arbeidsgivar

NAV om digital sjukemelding

NAV om tilgangar i Altinn

NAV – slik følger du opp sjukemelde

Utrekning av sjukepengegrunnlaget

Sjukepengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt under sjukdom eller skade. Sjukepengegrunnlaget er inntekta sjukepengane skal reknast ut etter. Sjukepengegrunnlaget blir fastsett etter ei berekna månadsinntekt for ein bestemt periode (normalt dei tre siste kalendermånadene før sjukefråværet). Lønnsinntekt og andre godtgjersler blir tatt med. Det same gjeld tillegg for ubehagleg arbeidstid og ulempetillegg for spesielle arbeidsforhold. Særgodtgjersler som bilgodtgjersle blir ikkje rekna med.

Det blir ikkje rekna sjukepengar for ei årsinntekt som overstig seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G).

Arbeidstakarar med ei årsinntekt lågare enn ½ G (for tida 59 310 kroner i året) har ikkje rett til sjukepengar frå NAV. Utrekninga du legg til grunn for å utbetale sjukepengar frå bedrifta er den same som du melder inn på NAV sitt skjema for inntektsopplysningar. Når NAV skal ta over ansvaret kan fleire forhold bli tatt i betraktning. For nytilsette kan det for eksempel vere aktuelt å ta omsyn til tidlegare inntekter.

Forskottering og refusjon av sjukepengar ut over arbeidsgivarperioden

Ein arbeidsgivar som betaler ut lønn/sjukepengar utover arbeidsgivarperioden på 16 dagar, kan krevje refusjon frå NAV. NAV refunderer ikkje lønn over seks gonger grunnbeløpet (6 G). Eventuelt pålegg om forskottering av sjukepengar må vere avtalt i arbeids- eller tariffavtalen.

Dersom du ikkje forskotterer sjukepengar ut over arbeidsgivarperioden, betaler NAV desse ytingane betalte direkte til arbeidstakaren. Ytingane blir rekna ut på same måte som sjukepengar. NAV refunderer feriepengar for inntil 48 sjukemeldingsdagar. Dersom du har betalt sjukepengar ut over arbeidsgivarperioden må du søkje om refusjon innan tre månader for ikkje å miste retten til refusjon.

NAV - refusjon av sjukepengar når du forskotterer ut over arbeidsgivarperioden

Inntektsopplysningar til NAV

Før NAV kan ta over sjukepengeansvaret og betale sjukepengar til arbeidsgivaren eller direkte til den sjukemelde må arbeidsgivaren sende inn skjemaet om inntektsopplysningar til NAV.

Altinn - inntektsmelding til NAV

Frivillig forsikring mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden for små bedrifter

Som arbeidsgivar kan du forsikre deg mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden (arbeidsgivarperioden er normalt dei første 16 sjukedagane). Det er eit vilkår at dei samla lønnsutbetalingane i føregåande år ikkje var høgare enn 40 G (grunnbeløpet). For å søkje om dette fyller du ut skjemaet "Forsikring mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden for små bedrifter").

NAV - frivillig forsikring mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgiverperioden for små bedrifter

Refusjon av sjukepengar ved fråvær dei første 16 dagane

I enkelte tilfelle får bedrifta refusjon (men må forskotere sjukepengane) også for fråvær innanfor dei første 16 dagane:

  • Dersom NAV har innvilga fritak fordi arbeidstakaren har ein langvarig eller kronisk sjukdom
  • Dersom arbeidstakaren er sjukemeld på grunn av ein svangerskapsrelatert sjukdom og NAV har innvilga fritak for arbeidsgjevarperioden
  • Etter tre fråværsdagar i små bedrifter som har forsikra seg mot sjukepengeansvaret i arbeidsgivarperioden, der samla lønnsutbetalingar førre år ikkje var høgare enn 40 G.


Som arbeidsgivar har du ikkje sjukepengeansvar når det er mindre enn fire veker sidan arbeidsforholdet starta.

Spørsmål om sjukemelding

NAV svarar på spørsmål om sjukemelding, refusjon av sjukepengar og oppfølging av sjukemelde.

NAVs Arbeidsgivartelefon

Åpne kontaktskjema