Arbeidsavtale

Alle arbeidstakarar skal ha ein skriftleg arbeidsavtale. Som arbeidsgjevar har du ansvar for å utarbeide denne. Kravet om arbeidsavtale gjeld både faste stillingar, mellombelse tilsetjingar og ekstrahjelpar/tilkallingshjelp.


Skriftleg arbeidsavtale

Avtalen bør inngåast før arbeidstakaren byrjar, og seinast ein månad etter at arbeidstakaren har byrja. Dersom arbeidsforholdet skal vare mindre enn ein måned må arbeidsavtalen alltid inngåast før arbeidsforholdet byrjar.

Arbeidstilsynet om skriftlig arbeidsavtale

Innhald i arbeidsavtalen

Arbeidsavtalen skal innehalde informasjon om alle vesentlege vilkår for tilsetjingsforholdet. Arbeidstilsynet har utarbeidd ein standard arbeidsavtale som dekkjer minstekrava til innhald i ein arbeidsavtale. Arbeidsavtalen finst på norsk (bokmål og nynorsk), engelsk, bulgarsk, litauisk, polsk, rumensk og russisk.

Arbeidstilsynet - mal for arbeidsavtale

Konkurransebegrensande klausular

Med konkurranseavgrensande klausular (oftast som del av arbeidskontraktar) meiner ein avtalar som avgrensar tilgangen for arbeidstakaren til å byrje hos annan arbeidsgjevar eller starte/drive anna verksemd etter at arbeidsforholdet opphøyrer. Moglegheita til å inngå konkurranseavgrensande avtalar er regulert. Slike avtalar kan ikkje gjerast gjeldande meir enn eitt år etter at arbeidsforholdet er avslutta, og kan ikkje gjerast gjeldande dersom arbeidstakaren vert sagt opp på grunn av forhold ved verksemda. Arbeidstakaren har krav på lønnskompensasjon i dei tilfella avtalen vert gjord gjeldande.

Arbeidsmiljøloven om konkurransebegrensende avtaler i arbeidsforhold

Kontakt og hjelp: 

Arbeidstilsynet

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema