Arbeidstid

Som arbeidsgjevar må du sørgje for arbeidstidsordningar som gjer at arbeidstakarane ikkje vert utsette for uheldige fysiske eller psykiske belastningar, og at sikkerheita vert teken hand om.


Den alminnelege arbeidstida Med arbeidstid meiner ein den tida arbeidstakaren står til disposisjon for arbeidsgjevaren skal ikkje overskride: 

  • 9 timar dagleg og 
  • 40 timer kvar veke

Det er mogleg å avtale kortare arbeidstid. Mange av dei som har tariffavtale har avtalt 37,5 timer per veke. For personar som jobbar skiftarbeid, turnusarbeid, nattarbeid og søndagsarbeid er den alminnelege arbeidstida kvar veke kortare.

Arbeidstilsynet om arbeidstid

Gjennomsnittsutrekning av alminneleg arbeidstid

Det er tillate å avtale ei anna fordeling av arbeidstida. Avtale kan inngåast direkte mellom deg som arbeidsgjevar og arbeidstakaren. I bedrifter omfatta av tariffavtale kan avtalen inngåast mellom arbeidsgjevaren og arbeidstakarane sin tillitsvalde.

Arbeidsmiljøloven om gjennomsnittsberegning av den alminnelige arbeidstid

Rett til fleksibel arbeidstid

Arbeidstakarar har rett til fleksibel arbeidstid dersom dette kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for arbeidsgjevaren. Eksempel på dette kan vere at arbeidstakaren har moglegheit til å forskyve arbeidsdagen, eller at du inngår ein avtale med arbeidstakaren som gjer det mogleg for han/henne å arbeide meir i periodar, for så å avspasere i andre periodar.

Arbeidstilsynet om fleksibel arbeidstid

Rett til redusert arbeidstid

Arbeidstakarar som har fylt 62 år, eller som av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har behov for det, har rett til å få redusert arbeidstida si, dersom dette kan skje utan vesentleg ulempe for verksemda. Når avtalt periode med redusert arbeidstid er over, har arbeidstakaren rett til å gå tilbake til tidlegere arbeidstid.

Arbeidstilsynet om redusert arbeidstid

Fritid dagleg og for veka

Arbeidstakarar skal ha minst:

  • 11 timer samanhengande fritid/arbeidsfri i løpet av 24 timar og
  • 35 timer samanhengande fri i løpet av 7 dagar. Denne perioden skal om mogleg omfatte søndag.

I ei verksemd med tariffavtale kan arbeidsgjevaren og tillitsvalde inngå avtale om kortare arbeidsfri. Grensene kan fråvikast når arbeid ut over avtalt arbeidstid er nødvendig for å unngå alvorlege driftsforstyrringar.

Pausar

Dersom den daglege arbeidstida er meir enn fem og ein halv time skal arbeidstakarane ha minst ein pause. Dersom den daglege arbeidstida er minst åtte timar skal pausane til saman vere minst ein halv time. Dersom arbeidstakarane ikkje fritt kan forlate arbeidsplassen under pausen, eller det ikkje finst tilfredsstillande pauserom, skal pausen reknast som ein del av arbeidstida. Då skal han godtgjerast med lønn.

Søndagsarbeid og helgedagsarbeid

Arbeid på søndagar (søndagsarbeid) og helgedagar (helgedagsarbeid) er ikkje tillate med mindre typen arbeid gjer det nødvendig. Søndagsarbeid og helligdagsarbeid skal drøftast med arbeidstakarane sin tillitsvalde. Arbeidsgjevaren og arbeidstakaren kan inngå skriftleg avtale om arbeid på søndagar og helgedagar mot tilsvarande fri på andre dagar som i samsvar med arbeidstakaren sin religion er helge- eller høgtidsdag.

Arbeid frå kl. 18.00 dagen før ein søndag eller helgedag til kl. 22.00 dagen før neste yrkedag, vert rekna som søndags- og helgedagsarbeid..

Som helgedagar vert rekna: 

1. og 2. juledag 

1. nyttårsdag 

Skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag 

Kristi Himmelfartsdag 

1. og 2. pinsedag

Arbeidsmiljøloven om søndags- og helgedagsarbeid

Nattarbeid

Nattarbeid er ikkje tillate med mindre typen arbeid gjer dette nødvendig. Arbeid mellom kl. 21.00 og kl. 06.00 vert rekna som nattarbeid. Før nattarbeid vert sett i verk skal arbeidsgjevaren drøfte behovet med arbeidstakarane sin tillitsvalde.

Arbeidstilsynet om nattarbeid

Arbeidsplan

Dersom arbeidstakarane jobbar til ulike tider, skal det lagast ein arbeidsplan eller ei vaktliste som viser kva for veker, dagar og tider den enkelte skal jobbe. Planen skal lagast i samarbeid med arbeidstakarane sin tillitsvalde. Dersom ikkje anna er avtalt i tariffavtalen, skal arbeidsplanen drøftast med dei tillitsvalde så tidleg som mogleg, og seinast to veker før planen vert sett i verk. Planen skal vere lett tilgjengeleg for arbeidstakarane.

Arbeidstid for barn og ungdom

Hovudregelen er at barn under 15 år ikkje skal nyttast som arbeidskraft. For personar under 18 år skal arbeidstida leggjast slik at ho ikkje hindrar skulegang. I dei tilfella der arbeid er tillate er det avgrensingar i kor lenge og mykje ein kan jobbe.

Ung.no - arbeidstid for barn og ungdom

Oversikt over arbeidstid

Som arbeidsgjevar skal du ha ei oversikt som viser kor mykje den enkelte arbeidstakaren har arbeidd. Oversikta skal vise kor mange timar som er jobba innanfor alminneleg arbeidstid, kor mange timar med overtid og samla arbeidstid. Overtidsreglane i dei øvre grensene for alminneleg arbeidstid i arbeidsmiljølova gjeld uavhengig av kva for arbeidstid som er fastsett i tariffavtalen. Bedrifter med tariffavtale kan derfor måtte føre to lister - ei til utrekning av lønn og overtidsbetaling etter tariffavtalen, og ei som viser arbeidstid etter arbeidsmiljølova. Oversikta skal vere tilgjengeleg for Arbeidstilsynet og arbeidstakarane sin tillitsvalde.

Arbeidstilsynet om registrering av arbeidstid

Kontakt og hjelp: 

Arbeidstilsynet

Tvistar

Tvistar om fleksibel arbeidstid, rett til redusert arbeidstid og fritak frå nattarbeid, overtidsarbeid og meirarbeid kan behandlast av Tvisteløsningsnemnda.

Tvisteløsningsnemda

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema