Fast eller mellombels tilsetjing

Hovudregelen i arbeidsmiljølova er at arbeidstakarar skal tilsetjast fast. Med fast tilsetjing meiner ein at tilsetjinga er løpande og tidsuavgrensa, og at reglane om opphøyr av arbeidsforhold gjeld. Det skal også kome fram kor mykje arbeidstakaren skal arbeide (for eksempel ved å oppgje stillingsprosent). På visse vilkår og i visse situasjonar er det likevel mogleg å tilsetje mellombels eller nytte innleigd arbeidskraft.


Type tilknyting Hovudtrekk Heimel
Fast tilsetjing Hovudregelen Arbeidsmiljølova § 14-9
Mellombels tilsetjing Avtale om mellombels tilsetjing: Arbeidsmiljøloven § 14-9 a-f
- a) når arbeidet er av mellombels karakter -
- b) for arbeid i staden for ein annan eller andre (vikariat) -
- c) for praksisarbeid -
d) med deltakar i arbeidsmarknadstiltak i regi av NAV
- e) med idrettsutøvarar, idrettstrenarar, domarar og andre leiarar innan den organiserte idretten -
- f) på generelt grunnlag for ein periode på inntil tolv månader for inntil 15 % av arbeidstakarane i verksemda (+likevel slik at det kan inngåast avtale med minst ein arbeidstakar) Arbeidsmiljølova § 14-9 a-f -
Innleige av arbeidstakarar Tillate i same utstrekning som det kan avtalast mellombels tilsetjing etter bokstav a) - e) over. Arbeidsmiljølova § 14-12
Innleige av arbeidstakarar frå andre føretak Tillate på visse vilkår når den innleigde arbeidstakaren er fast tilsett hos utleigaren. Arbeidsmiljølova § 14-13
Bruk av sjølvstendige konsulentar Kan grense mot innleige/tilsetjing. Må gjerast ei konkret vurdering. Arbeidsmiljølova § 14-13 og Folketrygdlova § 1-10

Når vert arbeidet rekna for å vere av mellombels karakter?

Regelverket om mellombels tilsetjing er strengt. Mellombels tilsetjing må vere nødvendig, behovet må vere mellombels, og den mellombelse tilsetjinga må ikkje vere for langvarig. Både forskjellar i arten til arbeidet (som skil seg frå det ordinære), og markerte forskjellar i arbeidsmengda kan gje grunnlag for mellombels tilsetjing. Grunnlaget for den mellombelse tilsetjinga skal gå fram av arbeidsavtalen.

  • Eksempel på tilfelle som kan gje grunnlag for mellombels tilsetjing fordi arbeidet er av mellombels karakter:
  • kortvarige toppar i arbeidsmengda
  • mellombels tilsetjing i påvente av søkjarar med særlege formelle kvalifikasjonar som krevst for stillinga
  • sesongvariasjonar

Arbeidstilsynet om midlertidig ansettelse

Karanteneperiode etter mellombels tilsetjing

Når ein arbeidstakar som er mellombels tilsett på generelt grunnlag (arbeidsmiljølova § 14-9 første ledd bokstav f) ikkje får vidare tilsetjing, startar ein karanteneperiode på tolv månader for deg som arbeidsgjevar. I denne perioden kan du ikkje tilsetje nokon nye for arbeidsoppgåver av same art.

Krav på fast stilling etter langvarig mellombels tilsetjing

Avhengig av på kva grunnlag arbeidstakaren er mellombels tilsett, vil han eller ho ha krav på fast stilling ved tilsetjing i meir enn tre eller fire år.

Grunnlag for mellombels tilsetjing Krav på fast tilsetjing
Mellombels tilsett i vikariat og mellombels tilsett på generelt grunnlag Vert rekna som fast tilsett etter mellombels tilsetjing i meir enn 3 år
Mellombels tilsett fordi arbeidet er av mellombels karakter Vert rekna som fast tilsett etter mellombels tilsetjing i meir enn 4 år

Tilkallingsvikarer/tilkallingshjelp

Ved bruk av tilkallingsvikarer/tilkallingshjelp må man ha en avtale i bunn. Tilkallingsvikarer er midlertidig ansatt for det enkelte oppdrag. Det er kun tillatt å benytte tilkallingshjelp i den grad behovet omfattes av reglene om midlertidig ansettelse. I utgangspunktet er det mulig å benytte denne type avtaler for å ta unna topper i arbeidsbelastningen. 

Rett til fast tilsetjing ved brot på reglane

Ved brot på reglane om mellombels tilsetjing skal retten, dersom arbeidstakaren krev dette, normalt slå fast at arbeidstakaren har eit fast arbeidsforhold. Arbeidstakaren vil kunne krevje erstatning frå arbeidsgjevaren. 

Innleige av arbeidstakarar

Lova skil mellom innleige frå bemanningsføretak og innleige frå selskap som ikkje har til formål å leige ut tilsette. Innleige frå bemanningsføretak er tillate i same utstrekning som mellombelse tilsetjingar og innleigde arbeidstakarar har rett til lønn som om dei var tilsette i bedrifta. Innleige frå verksemd som ikkje har til formål å drive utleige, er tillate når den innleigde arbeidstakaren er fast tilsett hos utleigaren.

Faktaside om innleie av arbeidskraft

Rett til fast tilsetjing ved brot på reglane om innleige av arbeidstakarar

Ved brudd på reglene om innleie av arbeidstaker skal retten, dersom arbeidstaker krever dette, normalt fastslå at den innleide har et fast arbeidsforhold hos innleier. Den innleide arbeidstakeren vil også kunne kreve erstatning fra innleier.

Fortrinnsrett og rett til utvidet stilling for deltidsansatte

Deltidsansatte har fortrinnsrett til utvidet stilling fremfor at du som arbeidsgiver foretar ny ansettelse. Det forutsettes at arbeidstaker er kvalifisert for stillingen.

Arbeidstilsynet om fortrinnsrett til ansettelse

Deltidsansatte som de siste 12 månedene jevnlig har arbeidet utover avtalt arbeidstid har normalt rett til stilling tilsvarende faktisk arbeidstid i denne perioden. 

Tvist om utvidet stilling eller fortrinnsrett for deltidsansatte avgjøres av tvisteløsningsnemnda.

Tvisteløsningsnemda

Drøfting - bruken av deltid, midlertidig ansettelse og innleid arbeidskraft

Som arbeidsgiver skal du minst en gang i året drøfte bruken av deltid, midlertidig ansettelse samt bruken av innleid arbeidskraft og praktiseringen av kravet om likebehandling med de tillitsvalgte. Både grunnlaget, omfanget og konsekvenser for arbeidsmiljøet skal være tema.

Kontakt og hjelp: 

Arbeidstilsynet

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema