Forbod mot diskriminering i arbeidslivet

Alle arbeidsgivarar skal arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Forbodet mot diskriminering gjeld heile arbeidsforholdet - frå stillinga vert lyst ut til ho vert avslutta. Som arbeidsgivar har du ikkje lov til å gjere skilnad på søkjarar, tilsette eller innleigde medarbeidarar utan sakleg grunn.


Likestillings- og diskrimineringslova og arbeidsmiljølova har forbod mot diskriminering som gjeld forskjellsbehandling på grunn av:

  • Kjønn
  • Graviditet
  • Permisjon ved fødsel eller adopsjon
  • Omsorgsoppgåver
  • Etnisitet (blant anna nasjonalt opphav, hudfarge og språk)
  • Religion
  • Livssyn
  • funksjonsnedsetjing
  • Seksuell orientering
  • Kjønnsidentitet
  • Kjønnsuttrykk
  • Alder
  • Politisk syn
  • Medlemskap i fagforeningar

I utgangspunktet er det forbode å leggje (positiv eller negativ) vekt på desse tinga ved for eksempel tilsetjing og fastsetjing av lønn.

Slik forskjellsbehandling kan likevel vere tillaten dersom formålet er sakleg og nødvendig og dersom ulempa for den som vert ramma av forskjellsbehandlinga er mindre enn fordelen arbeidsgivaren har ved å forskjellsbehandle. Det å stille språkkrav til ei stilling vil for eksempel ofte reknast som eit sakleg, nødvendig og ikkje uforholdsmessig krav. Aldersgrenser som følgjer av lov og forskrift, for eksempel nedre aldersgrense for å kunne arbeide med alkoholservering, er ikkje omfatta av diskrimineringsforbodet.

Likestillings- og diskrimineringsombodet – om å jobbe for likestilling i arbeidslivet

Arbeidstilsynet om vern mot diskriminering

Positiv særbehandling

Føresegna om positiv særbehandling i likestillings- og diskrimineringslova opnar for at det kan vere tillate å positivt forskjellsbehandle underrepresenterte grupper. I utgangspunktet er det forbode å leggje vekt på for eksempel kjønn, funksjonsnedsetjing og etnisitet ved ei tilsetjing. Dersom ei gruppe er underrepresentert på arbeidsplassen, og årsaka til at dei er underrepresenterte er at dei møter ein barriere, kan eit mellombels tiltak som veg opp for ulempa dei møter vere tillate. Tre vilkår må vere oppfylte for at slik forskjellsbehandling skal vere tillaten: Forskjellsbehandlinga må ha eit sakleg formål, vere nødvendig for å oppnå formålet og ikkje vere uforholdsmessig inngripande overfor den eller dei som vert forskjellsbehandla.

Eksempel på tiltak som kan vere tillatne dersom vilkåra er oppfylte:

  • å kalle inn lågare kvalifiserte søkjarar frå ei underrepresentert gruppe til intervju
  • mentorordning for kvinner
  • trainee-stilling halden av til personar med funksjonsnedsetjing

Forbod mot gjengjeldelse

Det er ikkje tillate å behandle ein medarbeider dårlegare fordi han eller ho har fremja klage om brot på likestillings- og diskrimineringslova, eller har gjeve uttrykk for at ei slik klage kan bli fremja. Dette gjeld også vitne i ei klagesak, og personar som hjelper til i ei klagesak.

Likestillingsombodet om forbod mot gjengjeldelse

Likestillings- og diskrimineringslova om forbod mot gjengjeldelse

Klageinstans

Diskrimineringsnemnda avgjer klager som gjeld brot på likestillings- og diskrimineringslova. Diskrimineringsnemnda avgjer også tvistar om gjengjelding etter varsling. Tingretten behandlar krav om oppreising og erstatning ved brot på diskrimineringsforbodet i arbeidsmiljølova.

Diskrimineringsnemnda

Åpne kontaktskjema