Forbod mot trakassering i arbeidslivet

Når ein person vert utsett for uønskte negative handlingar, unnlatinger eller ytringar som verkar eller har til formål å verke krenkjande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande er det trakassering.


Dette kan for eksempel vere uønskt seksuell merksemd, plaging, utfrysing eller sårande fleiping og erting. Trakassering kan skje som enkelthendingar, men også gjentekne gonger. Dersom det er ei enkelthending må ho vere av ei viss alvorsgrad for at det fell inn under omgrepet trakassering. Dersom dei negative og krenkjande ytringane eller handlingane derimot skjer systematisk og vert gjentekne over tid vil det heller dreie seg om mobbing, som er ei form for trakassering.

Likestillings- og diskrimineringsombodet om trakassering

Arbeidstilsynet om trakassering og mobbing

Trakassering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder eller kombinasjonar av desse er forbode etter likestillings- og diskrimineringslova.

Likestillings- og diskrimineringslova om forbod mot trakassering

Trakassering på grunn av politisk syn og medlemskap i ein arbeidstakarorganisasjon er forbode etter arbeidsmiljølova.

Arbeidsmiljølova om forbod mot trakassering

Straffelova om omsynlaus framferd

Særleg om seksuell trakassering

Seksuell trakassering er uønskt seksuell merksemd som har som formål eller verknad å vere krenkjande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsom. Seksuell trakassering kan vere alt frå seksuelle kommentarar om kropp og utsjånad, til simulering av seksuelle rørsler, klåing, tafsing, berøring til overgrep. Vising av bilete og videoar med seksualisert innhald vil også omfattast.

Rettleiar mot seksuell trakassering

Likestillings- og diskrimineringsombodet om å førebyggje seksuell trakassering

Arbeidstilsynet om seksuell trakassering

Arbeidsmiljølova om seksuell trakassering

Likestillings- og diskrimineringslova om forbod mot seksuell trakassering

Plikt til å førebyggje og hindre trakassering

Arbeidsgjevarar skal organisere og leie arbeidet slik at ingen arbeidstakarar vert utsette for trakassering og seksuell trakassering. Skulle det likevel skje har arbeidsgjevaren ansvar for å følgje opp hendinga i etterkant.

Arbeidsgjevarar og leiarar i verksemder pliktar å førebyggje og søkje å hindre trakassering. Arbeidstakar skal sørgje for at arbeidsgjevar eller verneombod får beskjed dersom han eller ho blir kjend med trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen. Brot på plikta til å førebyggje trakassering og seksuell trakassering vert handheve av Diskrimineringsnemnda. Likestillings- og diskrimineringsombodet og Arbeidstilsynet kan gje råd og rettleiing.

Likestillings- og diskrimineringsombodet om arbeidsgivers plikt til å førebyggje trakassering

Arbeidstilsynet om psykososialt arbeidsmiljø

Korleis førebyggje trakassering

Med førebygging meiner ein å setje i verk tiltak som skal hindre at trakassering skjer. Dette kan vere haldningskampanjar og utforming av retningslinjer. Andre tiltak kan vere internt klage- eller kontrollsystem for rapportering av trakassering. Den ansvarlege bør gjere det klart at trakassering er uakseptabelt, og informere om konsekvensane det kan få for den enkelte og arbeidsmiljøet. Likestillings- og diskrimineringsombodet gjev råd og rettleiing om forboda mot trakassering. Også Arbeidstilsynet rettleiar om og har tilsyn med dette regelverket. Den som trakasserer, kan også bli gjort ansvarleg etter forbodet i straffelova mot omsynslaus åtferd.

Seks enkle tiltak for å førebyggje og handtere trakassering og seksuell trakassering: 

  1. Kartlegg i samarbeid med dei tilsette kva for risikoar som er på arbeidsplassen deira og gjennomfør førebyggjende tiltak
  2. Utarbeid reglar for oppførsel
  3. Lag gode rutinar for å melde frå om seksuell trakassering og trakassering, og korleis hendingane skal handterast. Informer om desse.
  4. Brot på rutinar og retningslinjer skal føre til reaksjonar for den som trakasserer
  5. Leiaren sitt ansvar for å førebyggje og handtere seksuell trakassering skal vere tydeleg
  6. Snakk om seksuell trakassering og trakassering på arbeidsplassen
Åpne kontaktskjema