Kva kostar ein arbeidstakar

Det kan vere nyttig å ha oversikt over kostnadene som følgjer med å ha arbeidstakarar.


Kva kostar ein arbeidstakar - døme

I eksemplet tar vi utgangspunkt i ein arbeidstakar med 500 000 kroner i brutto årslønn. Vi har lagt til grunn at det er avtalt fem veker ferie.

Grunnlag Kroner Kommentarar
Årslønn 451.923 Ved utrekninga er lønn for fem veker ferie trekte frå
Feriepengar 12 % 54.231 10,2 % eller 12 %, er avhengig av om ferien er i samsvar med minstekravet i ferielova eller om det er avtalt 5 vekers ferie. For arbeidstakarar over 60 år er satsen høvesvis 12,5 eller 14,3 %
Arbeidsgivaravgift 14,1 % 71.368 Varierer frå 0 % (Deler av Troms og Finnmark fylke) til 14,1 %. Det skal reknast ut arbeidsgjevaravgift av både lønn og feriepengar. Dersom lønn og anna godtgjersle for arbeid overstig 850 000 skal det betalast 5 % ekstra arbeidsgivaravgift på det som overstig 850 000.
Pensjonskostnader (OTP, innskotsbasert ordning, 2 %) 10.000 Det er teke utgangspunkt i ei innskotsbasert pensjonsordning, der minimumskravet er 2 % av lønna (avtalt årslønn) opp til 12 G. (Utrekningsgrunnlag: avtalt årslønn - 500.000)
Arbeidsgivaravgift av pensjonskostnadane, 14,1 % 1.410 Gjeld pensjon
Yrkesskadeforsikring 3.000 Pris kan variere betydeleg med risiko for skadar i aktuell bransje
Totalt 591.932

Lønnskalkulator

I lønnskalkulatoren vår kan du leggje inn eigne tal og sjå utrekninga.

Velferdskostnader er ikkje teke med i utrekninga. Eksempel på velferdskostnader kan vere kurs, ulukkesforsikringar, subsidiert kantine, gåver til tilsette, julebord eller andre sosiale samankomstar.

I tillegg bør det vurderast om kostnader knytte til forventa sjukefråvær skal takast med i budsjettet. Dette bør i alle fall gjerast i bedrifter der det må takast inn vikarar ved sjukefråvær. Kostnadene knytte til å ha tilsette vil variere avhengig av faktisk sjukefråvær og kva for vilkår som er avtalt for arbeidstakarane. Ein tommelfingerregel kan vere at du finn dei forventa totale kostnadene ved å leggje til 20–30 % på brutto årslønn.

Lønnskalkulator – kva kostar ein arbeidstakar

Statistisk sentralbyrå – gjennomsnittleg lønn for ulike næringar og yrkesgrupper

Åpne kontaktskjema