Minstelønn og fastsetjing av lønn

I utgangspunktet er det opp til arbeidsgjevaren og arbeidstakaren å avtale lønna. Mange verksemder er likevel bundne av tariffavtalar som regulerer kva for lønn som kan avtalast, og for enkelte bransjar finst det gjevne minstelønnssatsar.


Fastsetjing av lønn

Lønn kan fastsetjast på fleire måtar. Det vanlegaste er fast årslønn, månadslønn eller timelønn.

Naturalytingar, såkallla frynsegode er også vanlege. Eksempel på dette kan vere firmabil, fri avis, mobiltelefon, firmahytte og bedriftsbarnehage.

I faste arbeidsforhold er det vanleg å avtale ei årslønn.

Omrekning av lønn

Korleis årslønn skal reknast om til timelønn, dagslønn, vekelønn eller månadslønn er ikkje lovfesta.

Dette er ein vanleg framgangsmåte ved omrekning av lønn for arbeidstakarar som jobbar 37,5 timar per veke måndag - fredag:

- Månadslønn = Årslønn/12
- Vekelønn = Årslønn/52
- Dagslønn = Årslønn/260
- Timelønn = Årslønn/1950

Andre utrekningsmåtar kan vere fastsette i tariffavtalar eller andre avtalar.  

Minstelønn

Fleire bransjar har minstelønnssatsar. Desse gjeld for alle som utfører arbeid i dei aktuelle bransjane. Grunnlaget for minstelønnssatsane er "Lov om allmenngjøring av tariffavtaler med forskrifter" (allmenngjorde tariffavtalar). Arbeidstilsynet fører tilsyn med at desse reglane vert overhaldne. Ved brot på reglane kan tilsynet gje verksemda pålegg, tvangsmulkt, stanse arbeidet eller melde forholdet til politiet.

Arbeidstilsynet om minstelønn

Lov om allmenngjøring av tariffavtaler

 

Følgjande bransjar har lovregulert minstelønn (allmenngjorde tariffavtalar):

Forskrift om allmenngjøring av tariffavtaler for fiskeindustribedrifter

 

Solidaransvar for oppdragsgjevarar

Solidaransvar for oppdragsgjevarar inneber at den som set ut eit oppdrag (leverandørar og underleverandørar) eller leiger inn arbeidstakarar, står ansvarleg for at alle som utfører arbeid i samband med oppdraget får den lønna og dei arbeidsvilkåra dei har krav på. Solidaransvaret gjeld i alle bransjar der det er lovregulert minstelønn. Dette betyr at alle oppdragsgjevarar i ei kontraktskjede har forpliktingar overfor arbeidstakarar lengre ned dersom dei ikkje får ubetalt den lovpålagde minstelønna frå arbeidsgjevaren sin.

Arbeidstilsynet om solidaransvar for oppdragsgivere

Arbeidstilsynet om sosial dumping

Allmenngjøringsloven om solidaransvar for oppdragsgivere

 

Likebehandling av innleigde frå bemanningsføretak

Ein arbeidstakar som er leigd inn frå eit bemanningsføretak skal ha lønns- og arbeidsvilkår som om vedkomande var tilsett direkte i innleigebedrifta (likebehandlingsprinsippet). Det er bemanningsføretaket som skal sørgje for at dette skjer, men likebehandlingsprinsippet fører også til plikter for den som leiger inn arbeidstakaren.

Arbeidstilsynet om likebehandling av arbeidstakere innleid fra bemanningsforetak

Arbeidsmiljøloven om likebehandling av lønns- og arbeidsvilkår ved utleie fra bemanningsforetak

 

Likelønnsregelen

Kvinner og menn som arbeider i same verksemd har etter likestillingslova rett til lik lønn for same arbeid og for arbeid av lik verdi. Du kan heller ikkje lønnsmessig gjere skillnad på bakgrunn av etnisitet, religion eller livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, alder eller politisk syn (arbeidsmiljølova).

Likestillings- og diskrimineringslova

Arbeidsmiljøloven om vern mot diskriminering

 

Plikt til å informere og syte for

Verksemder som brukar entreprenørar eller underleverandørar har plikt til å bidra til at lønns- og arbeidsvilkår som følgjer av dei allmenngjorde tariffavtalane blir overhaldne. Denne plikta til å informere entreprenørar og underleverandørar, og plikta til å syte for at allmenngjeringsforskrifta vert etterlevd, rettar seg mot tingarar, hovudleverandørar, underleverandørar og tillitsvalde.

Arbeidstilsynet om påseplikt etter allmenngjøringsloven

Kontakt og hjelp: 

Arbeidstilsynet

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema