Obligatoriske og frivillige forsikringar

Alle arbeidsgivarar må teikne yrkesskadeforsikring for sine tilsette. Enkelte forsikringar kan vere pålagde ut frå bransjen du driv innanfor. Nokre forsikringar er obligatoriske (lovpålagde), men dei fleste er frivillige. Du bør bruke tid på å finne ut kva forsikringar som vil vere aktuelle for verksemda di.


Yrkesskadeforsikring

Alle arbeidsgivarar (det vil seie alle som har nokon i si teneste) må teikne yrkesskadeforsikring for arbeidstakarane sine. Yrkesskadeforsikring teiknar ein hos private forsikringsselskap. Forsikringa skal gje erstatning for skadar og sjukdomar påførte i samband med jobb, utan omsyn til om nokon har skuld i skaden.

Yrkesskadeforsikringa skal blant anna dekkje:

  • skade og sjukdom forårsaka av arbeidsulukke (yrkesskade)
  • sjukdom som etter folketrygdlova vert likestilt med yrkesskade
  • skade og sjukdom som kjem av påverking frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar
  • erstatning som følgje av tap av arbeidsevne og inntekt
  • utbetaling til ektefelle eller sambuer ved dødsfall

Folketrygdlova om yrkessjukdomar som vert likestilt med yrkesskade

Folketrygdlova om yrkesskade

Bedrifta di får skattefrådrag for kostnadene, og det er ikkje arbeidsgivaravgift på yrkesskadeforsikring. Nærmare opplysningar får du hos forsikringsselskap som tilbyr yrkesskadeforsikring.

Arbeidstilsynet om yrkesskadeforsikring

Lov om yrkesskadeforsikring

Forskrift om standardisert erstatning (yrkesskade)

Sjølvstendige næringsdrivande har ikkje automatisk rett til særytingar ved yrkesskade/yrkessjukdom

Arbeidstakarar som blir ramma av ein yrkesskade eller yrkessjukdom har rett til særytingar frå folketrygda. Dette gjeld blant anna pensjon, helsetenester, sjukepengar, uføretrygd, barnepensjon og alderspensjon.

Sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar har derimot ikkje automatisk rett til slike ytingar ved yrkesskade eller yrkessjukdom. For å få rett til desse ytingane må sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar teikne "frivillig trygd med rett til særytingar ved yrkesskade" hos NAV.

NAV om frivillig yrkesskadetrygd for sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar

Frivillig sjukepengeforsikring for sjølvstendige næringsdrivande

Sjølvstendige næringsdrivande utan sjukepengeforsikring har rett til sjukepengar med 80 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. sjukefråværsdag. Som sjølvstendig næringsdrivande kan du forsikre deg hos NAV for å få betre sjukepengedekning. Det finst tre ulike forsikringsalternativ.

NAV om sykepengeforsikring for sjølvstendige næringsdrivande

For å søkje om sjukepengeforsikring for sjølvstendig næringsdrivande fyller du ut skjemaet: 

Søknad frå sjølvstendige næringsdrivande om opptak/ endring i forsikring for tillegg til sjukepengar

Frivillig sjukepengeforsikring for frilansarar

Frilansarar utan sjukepengeforsikring har rett til sjukepengar med 100 prosent dekning av sjukepengegrunnlaget frå 17. sjukefråværsdag. Som frilansar kan du forsikre deg hos NAV for å få 100 prosent sjukepengedekning frå første sjukefråværsdag. For å søkje om sjukepengeforsikring fyller du ut skjemaet "Søknad frå sjølvstendig næringsdrivande om opptak/endring i forsikring for tillegg til sjukepengar".

Søknad frå sjølvstendige næringsdrivande om opptak/ endring i forsikring for tillegg til sjukepengar

Frivillig forsikring mot ansvar for sykepenger i arbeidsgiverperioden for små bedrifter

Som arbeidsgjevar kan du forsikre deg mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden (arbeidsgivarperioden er normalt dei første 16 sjukedagane). Det er eit vilkår at dei samla lønnsutbetalingane i føregåande år ikkje var høgare enn 40 G (grunnbeløpet i folketryda). For å søkje om dette fyller du ut skjemaet:

Forsikring mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden for små bedrifter - søknad om opptak

Andre forsikringar

Andre typar frivillige forsikringar som kan vere aktuelle er eigedomsforsikring, ansvarsforsikring, sjukeavbrotsforsikring, sjukelønnsforsikring, personforsikringar, ulukkesforsikring, transportforsikring og forsikring mot datakriminalitet. Ta kontakt med ulike forsikringsselskap og be om tilbod.

Åpne kontaktskjema