Overtid

Med overtid meiner ein arbeid ut over arbeidsmiljølova si grense for alminneleg arbeidstid, som normalt er ni timar i løpet av eit døgn.


Meirarbeid

Dersom det vert arbeidd ut over avtalt arbeidstid, men innanfor lova sine grenser for alminneleg arbeidstid, vil dette vere såkalla meirarbeid. Overtid i lova si forstand blir det først når det vert arbeidd ut over dette.

Overtidsbetaling

Overtid skal godtgjerast med eit kronetillegg på minimum 40 prosent i tillegg til den vanlege lønna. I tariffavtalar kan det vere avtalt høgare satsar. Etter skriftleg avtale kan overtidstimane heilt eller delvis avspaserast i staden for å utbetalast. Men overtidstillegget kan ikkje avspaserast og må derfor utbetalast.

Arbeidstilsynets om overtid

Eksempel:

Ola Hansen jobbar normalt 8 timar måndag – fredag. Han har fast arbeidstid mellom klokken 08.00 og 16.00. I morgon er det ein stor leveranse som må vere ferdig, og Ola blir derfor beden om å jobbe til ordren er klargjord. Ola jobbar den kvelden til klokken 20.00, det vil seie 4 timar ekstra. Han får tillegg for ekstra arbeid etter arbeidsmiljølova. Betaling for desse 4 timane blir slik:

Timelønn for meirarbeid i 1 time (då har han jobba 9 timar).

Timelønn og 40 % overtidstillegg for 3 timar (då han jobbar ut over 9 timer).

Når kan det jobbast overtid

Overtid kan berre påleggjast dersom det er eit særleg og tidsavgrensa behov for det. Planlagt overtid eller fast avtale om overtid er ikkje tillate. Før overtidsarbeid vert sett i verk skal arbeidsgivaren, om mogleg, drøfte nødvendigheita av dette med arbeidstakarane sin tillitsvalde.

Arbeidsmiljølova om overtid

Grenser for overtid

Overtidsarbeid må ikkje overstige:

10 timar i løpet av sju dagar,

25 timar i løpet av fire samanhengande veker og

200 timar innanfor ein periode på 52 veker.

I ei verksemd som er bunden av tariffavtale kan arbeidsgivaren og tillitsvalde inngå avtale om utvida overtid. Arbeidstilsynet kan etter søknad tillate ytterlegare utvida overtidsarbeid i særlege tilfelle. Behovet for overtid skal drøftast med tillitsvalde dersom det er mogleg. Arbeidstilsynet kan informere nærmare om dette. 

Fritak frå overtidsarbeid

Ein arbeidstakar har rett til å bli friteken frå arbeid ut over avtalt arbeidstid dersom vedkomande ber om dette av helsemessige eller vektige sosiale grunnar. Arbeidsgivaren skal også frita arbeidstakaren frå overtid, dersom arbeidstakaren ber om det, og arbeidet kan utsetjast eller utførast av andre utan skade for bedrifta. Ungdom under 18 år skal ikkje arbeide overtid.

Arbeidstilsynet om fritak frå overtidsarbeid og meirarbeid

Oversikt over arbeidstid

Arbeidsgivaren skal ha ei oversikt som viser kor mykje den enkelte arbeidstakaren har arbeidd. Oversikta skal vise kor mange timar som er jobba innanfor alminneleg arbeidstid, kor mange timar overtid og samla arbeidstid. Oversikta skal kunne visast fram på førespurnad frå Arbeidstilsynet. Mange lønnssystem har funksjon for utkøyring av slik oversikt.

Unntak for leiande stillingar og særleg uavhengige stillingar

Arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstid og overtid gjeld ikkje for arbeidstakarar i leiande stillingar og arbeidstakarar i særleg uavhengige stillingar. Reglane om at arbeidstakarane ikkje må utsetjast for uheldige fysiske og psykiske belastningar og at omsynet til sikkerheit må ivaretakast, gjeld likevel for alle arbeidstakarar.

Arbeidstilsynet om leiande og særleg uavhengige stillingar

Kontakt og hjelp: 

Arbeidstilsynet

Åpne kontaktskjema