Tilsetjing av utanlandske arbeidstakarar

Før du tilset utanlandske arbeidstakarar er det ditt ansvar som arbeidsgjever å sjekke at ho eller han har rett til å arbeide i Noreg. Dette kan du kontrollere ved å kontakte UDIs Arbeidsgivarservice. Skattekort er ikkje bevis for at ein har løyve til å arbeide eller opphalde seg i Noreg.


Utanlandske arbeidstakarar som ønskjer å jobbe i Noreg, treng som hovudregel opphaldsløyve. Reglane er ulike avhengig av kva for land arbeidstakaren kjem frå:

UDIs Arbeidsgiverservice

EU/EØS-borgarar

Planlegg du å bu i Noreg i meir enn 6 månader, må du melde flytting seinast 8 dagar etter framkomst.

Skatteetaten - melde flytting til Noreg

Svenske, danske, islandske og finske statsborgarar kan jobbe utan å registrere seg hos politiet. Andre EU/EØS-borgarar har rett til å vere arbeidstakarar i Noreg, men må registrere seg hos politiet seinast tre månader etter at dei kom til Noreg. 

 

Informasjon om korleis du går fram for å tilsetje ein person frå EU/EØS og korleis du sjekkar om arbeidstakaren er EU/EØS-borgar finn du hos UDI. 

Ansette en person som er EU/EØS-borger

 

Personar frå land utanfor EU/EØS

Planlegg du å bu i Noreg i meir enn 6 månader, må du melde flytting seinast 8 dagar etter framkomst.

Skatteetaten - melde flytting til Noreg

Personar frå land utanfor EU/EØS må ha gyldig opphaldsløyve for å arbeide i Noreg. UDI har informasjon om korleis du går fram for å tilsetje ein person frå land utanfor EU/EØS. Ved søknader om opphaldsløyve for faglærte, kan du som arbeidsgjevar søkje på vegner av arbeidstakaren.

UDI - ansette en person som ikke er EU/EØS-borger

 

Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar

I Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Kirkenes er det eigne servicesenter for utanlandske arbeidstakarar. Informasjonen hos servicesentera finn ein på norsk, engelsk, litauisk, polsk og russisk. Servicesentera er ein stad der Arbeidstilsynet, politiet, skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI) jobbar saman for at utlendingar som kjem til Noreg for å jobbe skal få god rettleiing. Arbeidsgjevarar til personar både innanfor og utanfor EU/EØS kan også nytte servicesentera.

Servicesenter for utenlandske arbeidstakere

 

Hjelp til å rekruttere utenlandsk arbeidskraft

NAV kan gjennom EURES-tenesta hjelpe arbeidsgjevarar med å rekruttere arbeidskraft frå Europa.

NAV om rekruttering fra utlandet (EURES)

 

Skattekort og d-nummer

D-nummer er eit nummer som kan tildelast utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer, men som har behov for identifisering overfor norske styresmakter. Ein arbeidstakar som skal jobbe og opphalde seg i Noreg i mindre enn 6 månader må ha eit d-nummer for å bli registrert i Folkeregisteret. D-nummer er også nødvendig for å få skattekort. t.

 

For ein arbeidstakar som ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer, er hovudregelen at han eller ho må møte opp på eitt av 42 utvalde skattekontor for å søkje om skattekort.

Skattekontorer som utfører ID-kontroll

 

Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift

Du skal vanlegvis betale norsk trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift for utanlandske arbeidstakarar, med mindre det er dokumentert at arbeidstakaren ikkje er omfatta av norsk trygdelovgjeving.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema