Korleis oppløyse og slette eit aksjeselskap (AS)

Dersom det ikkje lenger er næringsverksemd i aksjeselskapet bør det slettast. Inntil du melder frå om sletting vil myndigheitene leggje til grunn at du har ei verksemd å rapportere om, og du må framleis levere lovpålagde skjema. Sletting melder du i skjemaet samordna registermelding.


Ein føresetnad for at generalforsamlinga skal kunne oppløyse og slette eit aksjeselskap er at det finst eigedelar i selskapet til å dekkje forpliktingane. Har verksemda ikkje middel til å gjere opp krava mot seg på avviklingstidspunktet så må styret/avviklingsstyret melde oppbod, konkurs til tingretten.

Oppløysing og sletting av eit aksjeselskap må gjerast i to trinn. Først må generalforsamlinga vedta at det skal oppløysast. Neste trinn er at generalforsamlinga vedtek sletting. Begge delar må meldast til Føretaksregisteret. Tida mellom desse to trinna vert normalt kalla avviklingsperioden, der avviklingsstyret, som vert valt av generalforsamlinga, må førebu avviklinga av verksemda.

Avviklingsperioden kan ikkje vere kortare enn 6 veker og normalt bør han ikke vere lenger enn 12 månader.

Brønnøysundregistrene om sletting av aksjeselskap (AS)

Skatteetaten om avslutning av foretak

Aksjeloven om oppløsning og avvikling

 

Kort sagt må følgjande gjerast:

Generalforsamling

Generalforsamlinga må først vedta at aksjeselskapet skal oppløysast, og det må veljast eit avviklingsstyre. Etter slutten på avviklingsperioden skal generalforsamlinga vedta sletting av verksemda. Generalforsamling kan tidlegast haldast etter at kreditorfristen på 6 veker er ute. Vedtaket i generalforsamlinga om oppløysing og sletting krev tilslutning frå minst to tredelar, både av avgjevne røyster, og av aksjekapitalen som er representert på generalforsamlinga.

Meld oppløysing til Brønnøysundregistera

Vedtak om oppløysing/sletting melder ein via skjemaet Samordnet registermelding. Protokollen som viser vedtak om oppløysing og val av avviklingsstyret må leggjast ved. Dersom det vert valt nye styremedlemar til avviklingsstyret, må desse stadfeste at dei tek på seg oppdraget. Dette gjer dei ved å signere skjemaet. Vedtaket om oppløysing og det valde avviklingsstyret blir då publisert på Brønnøysundregistera sine kunngjeringssider. Kreditorfristen på seks veker gjeld frå den datoen kunngjeringa er publisert. Eventuelle kreditorar kan melde kravet til leiaren for avviklingsstyret.

Brønnøysundregistrenes kunngjøringssider

Foretaksregisterloven om kunngjøring

Foretaksregisterloven om plikt til å melde sletting av foretaket

Avviklingsperioden

Det er styret som har ansvaret for avviklinga av verksemda. I avviklingsperioden skal styret utarbeide ei liste over eigedelane, rettane og pliktene til verksemda, og deretter gjere opp ein balanse med tanke på avviklinga. For revisjonspliktige selskap skal avviklingsrekneskapen reviderast, dei selskapa som har valt bort revisjonsplikta treng ikkje å revidere avviklingsrekneskapen.

Eigedelane til verksemda må gjerast om i pengar. Vert eigedelane omgjorde ved sal før avvikling, så skal det reknast ut mva såframt verksemda er mva-pliktig. Attverande driftsmiddel, eigedelar som ikkje er selde under avviklingsprosessen, vert rekna som overtekne av aksjonærane, og det skal reknast ut mva.

Eit eventuelt overskot etter dekning av forpliktingane skal delast ut til aksjonærane. Dette kan tidlegast gjerast seks veker etter kunngjering av avviklinga.

Meld frå til Skatteetaten

Aksjeselskapet må krevje førehandsfastsetjing, via skattemeldinga. Skattemeldinga sender ein inn når avviklinga er ferdigstilt (det vil seie når alle forpliktingane er gjorde opp, alle eigedelar er realiserte og gevinst og tap er gjorde greie for).

Skatteforvaltningsforskriften om plikt til forhåndsfastsetting

Mva-pliktige verksemder må levere ordinær mva-melding.

Aksjonærregisteroppgåva RF-1086 sender ein inn samstundes som levering av skattemeldinga.

Meld sletting til Brønnøysundregistera

Melding om sletting skal sendast til Føretaksregisteret utan ugrunna opphaldnår generalforsamlinga har godkjent det endelege og reviderte avviklingsoppgjeret. Også dette melder ein enklast via Samordnet registermelding i Altinn.

Ansvar for forpliktelsane 

Dersom eit føretak berre "ebbar ut", utan formell avvikling, kan det dukke opp ukjende gjeldspostar og forpliktingar. Ved ei ryddig avvikling vil det alltid vere nokon som har eit formelt ansvar til siste slutt. Aksjonærane har ansvar for ubetalte krav mot verksemda oppetter avgrensa til det aksjonærane har fått som utdeling i samband med avviklinga.

Oppbevaring av rekneskapsmateriale

Kravet i bokføringslova om å oppbevare rekneskapsmateriale i 5 år gjeld også etter sletting av verksemda. Det er avviklingsstyret som har ansvaret for at dette vert gjort.

Kva kostar det?

Det er gratis å melde oppløysing og sletting av føretaket.

Samordnet registermelding (Varianter for nedlasting)

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema