Korleis slette eit enkeltpersonføretak?

Eit enkeltpersonføretak skal slettast dersom næringsverksemda opphøyrer. Du sletter enkeltpersonføretak ved å sende inn samordna registermelding.


Meld sletting til Brønnøysundregistera

Du slettar enkeltpersonføretaket ved å nytte skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Skjemaet må signerast etter at du har fylt det ut. Du vil få ei eiga signeringsmelding i innboksen din på Altinn.

Inntil du melder frå om sletting vil myndigheitene leggje til grunn at du har ei verksemd å rapportere om, og du må framleis svare på lovpålagde skjema.

Meld frå til Skatteetaten

Meirverdiavgiftspliktige verksemder må rekne ut og rapportere uttaksmeirverdiavgift av varebehaldning og driftsmiddel som er att eller teke ut av deg når verksemda opphøyrer. Rapporteringa gjer ein via den siste mva-oppgåva.

Har du driftsmiddel att i verksemda di når ho opphøyrer må desse anten takast ut til ditt eige bruk, seljast eller kasserast. Avskrivingsskjemaet RF-1084 må i slike tilfelle sendast inn saman med skattemeldinga di.

Eventuelle inntekter i løpet av avviklingsåret melder du på skattemeldinga som du leverer året etter inntektsåret.

Ansvar for forpliktingar

Du og føretaket ditt er eitt, og eit krav mot føretaket er eit krav overfor deg. Dette gjeld også etter at føretaket er sletta. Ta deg tid til å gjennomføre ei ryddig avvikling, det er ein stor fordel for deg sjølv og økonomien din.

Krav til oppbevaring av dokumentasjon

Du må oppbevare all dokumentasjon på inntekter og utgifter i fem år. Dette gjeld også etter at enkeltpersonføretaket er sletta.

Hva kostar det?

Det er gratis å melde sletting av føretaket.

Brønnøysundregistrene om å avslutte et enkeltpersonforetak

Skatteetaten om avslutning av foretak

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema