Sletting av eit norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)

Dersom det ikkje lenger er behov for organisasjonsnummer i Noreg, så skal avdelinga i Noreg slettast. Inntil det vert meldt frå om sletting vil myndigheitene leggje til grunn at det vert drive ei verksemd som det skal rapporterast om, og du må framleis svare på lovpålagde skjema. Sletting melder du i skjemaet Samordna registermelding.


Normalt vert eit NUF sletta fordi ein ikkje lenger ønskjer å ha verksemd i Noreg eller fordi næringsverksemda i utlandet er lagd ned.

Kort sagt må følgjande gjerast:

Styre

Det er styret i den utanlandske verksemda eller eit anna kompetent organ som vedtek nedlegging av avdelinga i Noreg.

Meld frå til Skatteetaten

Avdelinga i Noreg må krevje førehandsfastsetjing, via skattemeldinga. Skattemeldinga sender ein inn når avviklinga er ferdigstilt det vil seie når alle forpliktingar er gjorde opp, alle eigedelar er realiserte og gevinst og tap er gjorde greie for.

Mva-pliktige verksemder må levere ordinær mva-melding.

Meld frå til Brønnøysundregistera

For NUF som er registrerte i Einingsregisteret eller Føretaksregisteret, melder ein sletting til Brønnøysundregistera ved innsending av skjemaet Samordna registermelding.

For føretak som er registrerte i Føretaksregisteret vil det ikkje vere mogleg å nytte elektronisk skjema dersom det ikkje er registrert personar med ei rolle i den norske avdelinga. Eksempel på roller er dagleg leiar, norsk representant og personar med signatur. Har avdelinga ingen roller registrert, må det nyttast papirskjema.

Brønnøysundregistrene om sletting av NUF

Skatteetaten om avslutning av foretak

Brønnøysundregistrene - skjema for sletting

Ved innsending av skjemaet må du leggje ved protokoll frå kompetent organ (for eksempel generalforsamling, styre eller anna vedtaksorgan) som viser vedtak om sletting. Alternativt må det leggjast ved ei stadfesting på sletting frå heimlandet som viser at den utanlandske verksemda er sletta.

For NUF som berre er registrerte i Einingsregisteret, må meldinga signerast av dagleg leiar, kontaktperson eller representanten i Noreg.
For NUF som er registrerte i Føretaksregisteret, må meldinga signerast av den med signaturrett i Noreg (i samsvar med registrerte opplysningar i Føretaksregisteret).

Foretaksregisterloven om plikt til å melde sletting av foretaket

Dersom den utanlandske verksemda eksisterer når den norske avdelinga vert lagd ned, vil denne vere ansvarleg for forpliktingar oppståtte i den norske avdelinga.

Oppbevaring av rekneskapsmateriale

Kravet i bokføringslova om å oppbevare rekneskapsmateriale i 5 år gjeld også etter sletting av avdelinga i Noreg.

Kva kostar det?

Det er gratis å melde sletting av avdelinga i Noreg.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema