Når må verksemda slettast?

Dersom det ikkje lenger blir drive næringsverksemd bør verksemda slettast. Inntil du melder frå om sletting vil myndigheitene leggje til grunn at du har ei verksemd å rapportere om, og du må framleis levere lovpålagde oppgåver/rapportering. Her er nokre krav det er lett å gløyme dersom du ikkje avviklar og slettar verksemda:


Skattemelding

Du må fortsette å sende inn skattemelding kvart år (med null i omsetning). Er verksemda di rekneskapspliktig må du sende årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund, sjølv om det ikkje har vore drift i rekneskapsåret. Dersom du har eit aksjeselskap må også aksjonæroppgåva sendast inn.

Mva-melding

Meirverdiavgiftspliktige verksemder må framleis sende inn skattemelding for meirverdiavgift. Sidan det ikkje har vore omsetning i terminen, sender du inn ei såkalla "null-oppgåve". Dersom du veit at du ikkje vil ha avgiftspliktig omsetning, kan du søke Skatteetaten om sletting i Meirverdiavgiftsregisteret.

Skatteetaten – slette i Meirverdiavgiftsregisteret

A-melding

Har du hatt tilsette, må du sørgje for at alle arbeidsforhold er registrerte med ein sluttdato. Så lenge du har aktive arbeidsforhold må du sende inn a-melding kvar månad.

Andre rapporteringsplikter

I skjema frå Statistisk sentralbyrå er det gjerne ein eigen rubrikk der du opplyser om verksemda er mellombels ute av drift i den perioden spørsmåla gjeld. Hugs likevel å rette opp namn, adresser og liknande og sjekke kva for andre spørsmål som framleis gjeld deg. 

Du må også melde frå om endringar i dei registrerte opplysningane i Einingsregisteret.

Å oversjå enkelte av desse rapporteringspliktene kan medføre konsekvensar i form av gebyr. Ønsker du å unngå denne risikoen kan det vere fornuftig å slette verksemda.

Åpne kontaktskjema