Konkurs i ansvarleg selskap

Klarar ikkje det ansvarlege selskapet lenger å innfri dei økonomiske forpliktingane sine, då må selskapsmøtet vurdere om det ligg føre konkurs. Konkursen melder ein til tingretten der det ansvarlege selskapet er registrert. Formålet med konkursbehandlinga er å få oversikt over og å realisere eventuelle eigedelar slik at krava mot verksemda i størst mogleg grad kan gjerast opp.


For at eit ansvarleg selskap skal reknast for å vere konkurs, må verksemda vere insolvent. Det betyr at verksemda ikkje er i stand til å gjere opp dei økonomiske forpliktingane sine ved forfall, og at det heller ikkje er eigedelar i versemda til å dekkje gjelda. Ved insolvens må verksemda vere varig ute av stand til å gjere opp forpliktingane sine.

Tingretten opnar konkurs etter krav frå verksemda sjølv, eller frå ein kreditor.

Krav om konkurs frå verksemda sjølv

  • Det er selskapsmøtet som kan melde oppbod i eit ansvarleg selskap.
  • Ansvarlege selskap er eigne konkurssubjekt, og det er eigedelane og gjelda til verksemda som skal vurderast, jamført med om det ligg føre konkurs eller ikkje. Det ansvarlege selskapet kan gå konkurs, sjølv om deltakarane i verksemda ikkje vert rekna for å vere konkurs, men ofte vil ein konkurs i eit ansvarleg selskap også bety konkurs hos deltakarane.
  • Ein deltakar i eit ansvarleg selskap kan gå konkurs, utan at dette har betydning for om det ansvarlege selskapet er konkurs eller ikkje. Dersom det vert opna personleg konkurs hos ein av deltakarane kan dei andre deltakarane krevje utelukking av denne deltakaren. Vert det vedteke utelukking skal dei andre deltakarane betale ein utløysingssum.
  • I tilfelle der eit ansvarleg selskap eller ein deltakar går konkurs, må det skiljast mellom felleskreditorar og særkreditorar. Felleskreditorar er kreditorane til verksemda, og desse har ein forrang til å søkje dekning i eigedelane til verksemda. Særkreditorar er kreditorane til deltakarane, og dei må søkje dekning hos deltakarane for dekning av krava sine. Kva som tilhøyrer det ansvarlege selskapet, og kva som tilhøyrer deltakarane, får derfor stor betydning.
  • Når eit ansvarleg selskap melder frå til tingretten vert det kalla å melde oppbod. I tillegg til meldinga om oppbod skal det også sendast over enkelte vedlegg. (firmaattest, liste over kreditorar og stilte sikkerheiter, liste over eigedelar, selskapsmøteprotokoll og siste rekneskap). Eit ansvarleg selskap som sjølv melder oppbod, er friteke for å stille sikkerheit og ansvar for omkostningane ved konkursbehandlinga.

    Konkursrådet - oppbudsbegjæring for ansvarlige selskap

Konkursbehandlinga

  • Tingretten behandlar meldinga om oppbod, og vurderer om verksemda er insolvent eller ikkje. Dersom verksemda er insolvent, opnar tingretten konkurs og oppnemner ein bustyrar. Bustyraren er normalt ein advokat, og er den som skal gjennomføre konkursbehandlinga.
  • Domstoloversikt

  • Konkursen inneber at alle eigedelane til verksemda blir beslaglagde til fordel for felleskreditorane. Når tingretten har opna konkurs, mistar alle som opptrer på vegner av det ansvarlege selskapet umiddelbart disposisjonsretten over eigedelane. Disposisjonsretten vert overført til konkursbuet ved bustyraren.
  • Med eigedelar meiner ein alle verdiane som tilhøyrer det ansvarlege selskapet, medrekna blant anna kontantar, konti i bank, fast eigedom, bilar, driftstilbehøyr, uteståande fordringar, inventar, registrerte varemerke og patentrettar.
  • I samband med konkursbehandlinga kan bustyraren i enkelte tilfelle velje å drive verksemda vidare, eller at heile eller delar av verksemda vert seld til ny(e) eigar(ar).
  • Deltakarane, eit eventuelt styre og dagleg leiar i verksemda pliktar å hjelpe buet vederlagsfritt. Dei pliktar å gje tingretten og bustyraren alle opplysningar om dei økonomiske forholda sine, og om forretningsførselen sin før og under konkursen. Skuldnaren pliktar også å hjelpe til med å skaffe fram blant anna rekneskapsbilag og andre dokument av betydning for bubehandlinga, og elles yte nødvendig bistand.
  • Rekneskapsføraren og revisoren til verksemda er pliktige til å utlevere skuldnaren sitt rekneskapsmateriell, og opplyse buet om skuldnaren sin rekneskaps- og forretningsførsel. Plikta gjeld sjølv om honorar for det utførte arbeidet ikkje er betalt, og uavhengig av eventuell teieplikt. 
  • Etter at bustyraren har teke ei fullstendig gjennomgang av skuldnaren si økonomiske stilling, vert bubehandlinga avslutta. Bubehandlinga blir innstilt av tingretten dersom det ikkje er middel til å fortsetje bubehandlinga. Dersom det er middel i buet, vert bubehandlinga avslutta ved at midla i buet blir utdelte til kreditorane slik at desse får forholdsmessig dekning.

Etter konkursbehandlinga

  • Gjelda blir ikkje sletta etter at konkursbehandlinga er avslutta. Som deltakar er du personleg ansvarleg og heftar for den gjelda som er pådregen. Dette inneber at du er ansvarleg for den delen av gjelda som ikkje blir dekt under bubehandlinga.
  • Dersom du framleis har alvorlege gjeldsproblem etter at bubehandlinga er avslutta, er det mogleg å søkje om gjeldsordning.

Konkursrådet - kort innføring i konkursrett

 

Konkursloven

Konkursloven om vilkår for konkurs

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema