Melding om konkurs frå kreditor

Dersom du har ein kunde som skuldar deg pengar, eller at du er ein tilsett og har uteståande lønn og feriepengar frå arbeidsgivaren din, kan det vere nødvendig å melde konkurs. Før du kan melde konkurs til tingretten må du ha prøvd å krevje inn pengane på annan måte.


Kreditorar eller arbeidstakarar kan melde ein skuldnar konkurs. Den som krev konkurs må stille sikkerheit for kostnadene ved konkursbehandlinga, men arbeidstakarar er fritekne frå plikta til å stille sikkerheit. 

Nedanfor kan du lese meir om framgangsmåten ved å melde konkurs.

  • Forut for eit krav om konkurs vil normalt kreditoren ha forsøkt å krevje inn det skyldige beløpet gjennom purringar og inkasso. Ofte vil kreditoren sitt siste skritt før krav om konkurs vere ei utleggsforretning.
  • Har ikkje dette ført fram så må kreditoren vurdere om det er formålstenleg å gå til det skritt å krevje konkurs. Sentralt her vil vere om det i hos skyldnaren er verdiar som kan realiserast. Er kreditoren ikkje sikker på om det finst middel hos skyldaren, risikerer kreditoren å måtte betale for kostnadene ved bubehandlinga.
  • Saman med kravet om konkurs skal kreditoren leggje ved resultat av utleggsforretning, kopi av innbetalt gebyr og firmaattest.
  • Samstundes som kreditoren sender inn eit krav om konkurs, må han betale eit gebyr som skal dekkje utgiftene. Dersom det viser seg at skuldnaren har nok pengar til å dekkje utgiftene, blir beløpet betalt tilbake.
  • Ein arbeidstakar som ikkje har fått lønn og feriepengar frå arbeidsgivaren til avtala tid kan avgjere å melde arbeidsgivaren konkurs for å få dekt kravet. Men før ein kan sende inn krav må arbeidstakaren ha sendt ei betalingsoppfordring og eit konkursvarsel. Ein arbeidstakar som krev konkurs er friteken ansvaret for å betale utgiftene til bubehandlinga. Ein arbeidstakar som begjærer konkurs er friteken ansvaret for å betale utgiftene til bubehandlinga.

    Konkursrådet – Rettleiing til arbeidstakarar om konkurskrav mot arbeidsgivar

  • I tillegg til kravet om konkurs til tingretten skal arbeidstakaren leggje ved dokumentasjon på at arbeidsgivaren er kravd for gjelda, konkursvarsel, firmaattest og kopi av arbeidskontrakt eller lønnsslipp.
  • Dersom det vert opna konkurs vil Lønnsgarantifondet blant anna dekkje uteståande lønn og feriepengar, og lønn for dei 30 første dagane etter konkursopninga.

Konkurslova

Konkurslova om vilkår for konkurs

Åpne kontaktskjema