Drift av aksjeselskap
Når du driv eit aksjeselskap er det ei rekkje formalitetar som du må ta stilling til. Krav til organisering kjem fram av aksjelova og det er dei same krava som vert stilte om selskapet er lite eller stort.
Når du driv eit aksjeselskap er det ei rekkje formalitetar som du må ta stilling til. Krav til organisering kjem fram av aksjelova og det er dei same krava som vert stilte om selskapet er lite eller stort.
Det finst inga lov som regulerer korleis du skal organisere og drifte ditt eige enkeltpersonføretak. Som innehavar av eit enkeltpersonføretak representerer du sjølv føretaket utetter, og det er ikkje noko skilje mellom økonomien til enkeltpersonføretaket og den private økonomien din.
Selskapsmøtet er øvste myndigheit i eit ansvarleg selskap og består av deltakarane. Det er deltakarane samla som i selskapsmøtet kan gjere vedtak i alle saker. Deltakarane kan også velje å opprette eit styre som vil ha ansvar for forvaltninga av selskapet mellom selskapsmøta.
Ei foreining er sjølveigande og det er vedtektene som set rammene for korleis ei foreining skal organiserast, og kva for reglar som gjeld for foreininga.
Styret er meir enn ei pålagd oppgåve, og eit godt fungerande styre kan vere ein ressurs for verksemda. Det er derfor viktig å vere bevisst på korleis styret organiserast og kva for kompetanse styremedlemane bør ha. Denne teksten er skriven for styrearbeid i aksjeselskap, men kan også nyttast som utgangspunkt for styrearbeid i andre organisasjonsformer.
Når du er over den første oppstartsfasen er det ein fordel å setje vidare mål for verksemda og planleggje kva som krevst for å nå desse måla. I denne samanhengen er eit budsjett eit godt verktøy.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for å utarbeide den offisielle statistikken i Noreg. Dei fleste undersøkingane vert gjennomførte månadleg, kvartalsvis eller årleg.
Eit enkeltpersonføretak, selskap med deltakarfastsetjing, samvirkeføretak eller NUF (norskregistrert utanlandsk føretak), som driv verksemd i skattelovas forstand, kan etter nærmare reglar omdannast skattefritt til aksjeselskap. Føresetnadene for skattemessig omdanning er blant anna at aksjeselskapet er nystifta, at aksjeselskapet tek over eigedelar og gjeld frå det eksisterande føretaket og at føretaket som vert omdanna, ikkje er nedlagt eller avslutta før omdanninga. .
Nettsider, brev og andre forretningsdokument (fakturaar, ordresetlar, kreditnotaar og liknande) skal alltid innehalde namnet og organisasjonsnummeret til føretaket. Konvoluttar og reklamemateriell vert ikkje rekna som forretningsdokument.
Eit registrert enkeltpersonføretak, ansvarleg selskap eller aksjeselskap kan ikkje skifte organisasjonsform og samstundes behalde organisasjonsnummeret.
Dersom det skjer endringar i opplysningane som er registrerte om føretaket ditt (adresse, telefon, e-post, føretaksnamn, verksemdområde, styremedlemer, bankkonto, m.m.), skal dette meldast inn via skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Ved dette får mange offentlege etatar kjennskap til opplysningane. Nokre endringar må likevel meldast særskilt.
Alle som sel varer eller tenester i Noreg må bidra til å fremje likestilling og sørgje for å unngå å diskriminere. Som verksemd kan du ikkje nekte nokon å kjøpe ei vare, eller nekte nokon tilgang til ei teneste utan sakleg grunn.
Bedriftsrettleiarane våre sit klare for å svare på spørsmål om å starte og drive bedrift i Noreg. Tenesta er gratis.
Telefonnummer til Altinn brukarservice 800 33 840