Korleis melde flytting og andre endringar?

Dersom det skjer endringar i opplysningane som er registrerte om føretaket ditt (adresse, telefon, e-post, føretaksnamn, verksemdområde, styremedlemer, bankkonto, m.m.), skal dette meldast inn via skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Ved dette får mange offentlege etatar kjennskap til opplysningane. Nokre endringar må likevel meldast særskilt.


Ved flytting av føretaket må du også hugse å melde adresseendring til Posten.

Melding om adresseendring til Posten

 

Dei fleste endringane som gjeld føretak registrerte i Føretaksregisteret, vert kunngjorde på Brønnøysundregistera si heimeside. Det gjeld forhold som er viktige for omverda, og som kreditorar og andre har rett til å vite om. Kunngjeringa skjer automatisk når meldinga er behandla av Føretaksregisteret.

Brønnøysundregistrenes kunngjøringssider

 

For endring av føretaksnamn og av deltakarsamansetning i ansvarlege selskap, må du betale gebyr etter gjeldande satsar. Meldingar som medfører utferding av kreditorvarsel er også gebyrlagde. Faktura blir send i posten.

Brønnøysundregistera - gebyrliste

Enhetsregisterloven - om endringsmelding til Enhetsregisteret

Foretaksregisterloven - om endringsmelding til Foretaksregisteret

 

Samordnet registermelding (Varianter for nedlasting)

Endring av bankkontonummer

Dersom føretaket har fått ny bankkonto må du gje beskjed til myndigheitene. Dette må meldast både til Skatteetaten for eventuell tilbakebetaling av mva. og skatt, og til NAV for eventuelle refusjonar frå NAV til arbeidsgjevar.

Endring av kontonummer for refusjon av mva. melder du via skjemaet Samordna registermelding, eller ved å sende inn kontaktskjema til Skatteetaten.

Endring av kontonummer for tilbakebetaling av skatt melder du på kontaktskjema til Skatteetaten.

Skatteetatens kontaktskjema

Endring av kontonummer for refusjonar frå NAV til arbeidsgjevar melder du på skjemaet "Bankkontonummer for refusjonar frå NAV til arbeidsgjevar".

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema