Drift av aksjeselskap

Når du driv eit aksjeselskap er det ei rekkje krav som du må ta stilling til. Krav til organisering kjem fram av aksjelova og det er dei same krava som vert stilte om selskapet er lite eller stort.


Organisering av aksjeselskap

Generalforsamlinga består av aksjeeigarane og utgjer øvste myndigheit i eit aksjeselskap. Alle aksjeselskap skal ha eit styre med eitt eller fleire medlemmer. Det er generalforsamlinga som vel styre. Minst halvparten av styremedlemane må vere busette i Noreg eller i eit annan EØS-stat, Storbritannia eller Sveits.

Styret kan velje å tilsetje ein dagleg leiar for å ta seg av den daglege drifta. Sjølv i små aksjeselskap skal det haldast generalforsamling. I aksjeselskap med berre ein aksjeeigar er det ikkje uvanleg at same personen har alle dei nemnde rollene. Det vil seie at du er både aksjonær, styreleiar og dagleg leiar i selskapet.

Aksjelova – krav om styre og dagleg leiar i AS

Aksjelova om oppgåvene og saksbehandlinga til leiinga

Aksjelova om krav til bustad

Brønnøysundregistera om roller i aksjeselskap

Her er nokre relevante tema som du som aksjeeigar treng å kjenne til: 

Aksjeeigar

Aksjeeigar og aksjonær er uttrykk som vert nytta om dei som er eigarar av eit aksjeselskap. Eit aksjeselskap skal ha minst ein aksjeeigar. Det er ingen avgrensingar i kor mange som kan eige aksjar i eit aksjeselskap. Aksjar kan eigast av fysiske personar, juridiske personar og i sameige mellom fleire. Utgangspunktet er at alle aksjane gjev lik rett i selskapet, men unntak frå dette kan kome fram av vedtektene.

Aksjelova om rettane til aksjeeigar

Aksjelova om aksjeeigarboka

Aksjekapital

I et aksjeselskap må stiftarane betale inn aksjekapital. Aksjekapitalen til selskapet skal vere på minimum 30 000 norske kroner. Aksjekapitalen kan seinare endrast ved kapitalauke eller kapitalnedsetjing. Aksjekapitalen er ein verdi som kan vere kontantar eller eigedelar som kan seljast, og på den måten gjerast om til pengar. Aksjekapitalen kan også vere ein kombinasjon av pengar og eigedelar. Består aksjekapitalen av eigedelar vert dette kalla for tingsinnskot. 

Det er også mogleg å skyte inn aksjekapitalen i ein utanlandsk bankkonto, og då vert innskotet gjort i utanlandsk valuta. Innskoten aksjekapital vert då rekna som eit tingsinnskot og må stadfestast av ein norsk revisor.

Brønnøysundregistera om aksjekapital

Aksjelova om krav til eigenkapital

Representasjonen til aksjeselskapet utetter

Styret representerer selskapet utetter og teiknar dets firma (signatur). Styret kan tildele signatur eller prokura til styremedlemar, dagleg leiar eller namngjevne tilsette. Signatur og prokura kan gjevast til ein eller fleire personar i fellesskap.

Signatur

Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga i alle samanhengar.

Prokura

Prokura er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av eininga i samband med den daglege drifta.

Nærmare informasjon om signatur og prokura finn du på brreg.no.

Brønnøysundregistera om roller, signatur og prokura

Registrering eller endring av signatur og prokura melder ein via Samordnet registermelding.

Dagleg leiar kan representerer aksjeselskapet utetter i saker som inngår i den daglege leiinga. Dette betyr saker som naturleg høyrer inn under selskapsdrifta. Saker som etter forholdet til selskapet er av “uvanleg art” eller har “mykje å seia” må behandlast av styret.Dagleg leiar kan representerer aksjeselskapet utetter i saker som inngår i den daglege leiinga. Dette betyr saker som naturleg høyrer inn under selskapsdrifta. Saker som etter forholdet til selskapet er av “uvanleg art” eller har “mykje å seia” må behandlast av styret.

Konsern

Når eit aksjeselskap (morselskap) har bestemmande innverknad Med bestemmande innverknad meiner ein at morselskapet har meir enn 50 prosent av stemmene i det andre selskapet. i eit anna aksjeselskap (dotterselskap) er det eitt konsern.

Morselskapet i eit konsern kan velje bort revisjon av årsrekneskapen dersom konsernet totalt sett oppfyller vilkåra for å velje bort revisjon.

Morselskap i konsern må i tillegg til selskapsrekneskapen utarbeide konsernrekneskap. Konsernrekneskapen består av rekneskapane til mor- og dotterselskapa samla. Hensikta er å vise konsernet som ei økonomisk eining. Små føretak er som hovudregel unntatte plikta til å utarbeide konsernrekneskap.

Aksjelova om konsern

Holdingselskap

I nokre tilfelle kan det vere formålstenleg å starte eit aksjeselskap som skal etablere og eige aksjar i eit eller fleire andre selskap. Det første selskapet, som vert kalla holdingselskap, vert berre etablert for å eige aksjar i andre aksjeselskap og forvalte avkastninga. Det (eller dei) andre selskapet er normalt driftsselskap, og det er her den økonomiske verksemda skjer.

Det er særleg to grunnar til å starte eit holdingselskap:

  • Det bidreg til å spre risikoen ved at ein driftar forskjellige verksemder i forskjellige selskap.
  • Gevinsten frå eventuelt framtidig sal av verksemder, og utbyte, vil vere tilnærma skattefri hos holdingselskapet.

Dersom holdingselskapet reinvesterar alle inntektene frå driftsselskapet vil dei betale tilnærma null i skatt (skattlegging av selskapsaksjonærar). Vel holdingselskapet derimot å betale ut overskotet til dei personlege aksjonærane, vil dette skattleggjast med 22 prosent. Fordelen ved å ha eit holdingselskap, kontra å eige aksjane privat, ligg altså i moglegheita til å utsetje full skattlegging.

Allmennaksjeselskap (ASA)

Nokre aksjeselskap vert gjorde om til allmennaksjeselskap. Det er mange likskapar mellom reglane for aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Her er nokre sentrale forskjellar:

  • I motsetning til eit aksjeselskap, kan aksjar i eit allmennaksjeselskap seljast til ein ubestemd krets menneske, til "ålmenta". Eit eksempel på aksjesal til ålmenta er kjøp og sal av aksjar på børsen.
  • Ein føresetnad for børsnotering er at selskapet er registrert som allmennaksjeselskap.
  • Allmennaksjeselskap har normalt langt fleire aksjonærar enn eit aksjeselskap.
  • Aksjar i allmennaksjeselskap skal registrerast i verdipapirregisteret.
  • Eit allmennaksjeselskap må ha ein aksjekapital på minimum ein million kroner, og eit styre på minst tre medlemar. Selskapet er pålagt å ha dagleg leiar og revisor
  • Det må gå fram av vedtektene at selskapet er eit allmennaksjeselskap. I tillegg må føretaksnamnet anten innehalde heile ordet "allmennaksjeselskap" eller forkortinga "ASA".

Minimumskrava til vedtekter i allmennaksjeselskap er meir omfattande enn for aksjeselskap. Ei omdanning frå aksjeselskap til allmennaksjeselskap vil derfor føre til vedtektsendringar. Organisasjonsnummeret vil likevel vere det same. 

Åpne kontaktskjema