Aksjeeigar

Eigarskapet i eit aksjeselskap kjem fram av aksjane. Aksjane gjev aksjeeigarane både rettar og plikter. Som aksjeeigar har du for eksempel rett til å stemme på generalforsamlinga, og du har rett til å få utbyte frå aksjeselskapet. På den andre sida har du som aksjeeigar plikt til å betale inn aksjekapitalen og opptre forsvarleg i rolla di som aksjeeigar.


Aksjelova om rettane til aksjeeigar

Aksjeeigerbok

Alle aksjeselskap skal ha ei aksjeeigarbok. Denne skal innehalde ei oversikt over kven som til kvar tid er aksjeeigarar, og ho vil normalt vere avgjerande for kven som kan utøve aksjonærrettar. Det er styret som har ansvar for å opprette og vedlikehalde aksjeeigarboka. Aksjeeigarboka skal oppbevarast på forretningsstaden og førast på ein sikker måte, normalt elektronisk. Aksjeeigarboka er offentleg - slik at alle har rett til å sjå henne.

Aksjelova om aksjeeigarboka

 

Aksjeutbyte

Når eit selskap går med overskot, kan dette etter nærmare reglar gjevast som utbyte til aksjeeigarane. Kor mykje som kan utbetalast i utbyte må sjåast i samanheng med kravet til forsvarleg eigenkapital og likviditet.

Aksjeloven om krav til egenkapital

 

Vedtak om utbyte vert teken av generalforsamlinga, etter forslag frå styret. Ein kan ikkje vedta å dele ut høgare utbyte enn det styret har foreslått eller godtek.

Aksjeloven om utbytte

 

Skatt på utbytet vert betalt av aksjonærane. Utbyte vert skattlagt ulikt for personlege aksjonærar og selskapsaksjonærar.

Eigardelar

Kor stor eigardel du har kan ha betydning i ulike samanhengar. For eksempel kan ein aksjeeigar som representerer ein tidel av aksjekapitalen i selskapet skriftleg krevje å få behandla ei bestemd angjeven sak i ei ekstraordinær generalforsamling. Styret skal då sørgje for at det vert kalla inn til ekstraordinær generalforsamling der dette vert behandla.

I forhold til røystegjevinga på generalforsamlinga har eigardelane betydning. Dersom du eig meir enn 1/3 av aksjane har du det som vert kalla negativt fleirtal. Det betyr at du kan hindre vedtektsendringar, fordi ei vedtektsendring krev meir enn 2/3 fleirtal. Eig du på den andre sida 2/3 delar av aksjane i selskapet kan du sjølv bestemme om du f.eks. skal endre vedtektene i aksjeselskapet. Ein slik eigardel vil gje deg god kontroll over selskapet sidan du då både har simpelt fleirtal av aksjane, meir enn ½ parten av aksjane og du har tilstrekkeleg eigardel til å endre vedtektene.
Eig ein meir enn 50 % av aksjane kan ein gjere vedtak som krev simpelt fleirtal. Eit eksempel på eit vedtak som krev simpelt fleirtal av aksjane på generalforsamlinga er val av styre.

Overføring og sal av aksjar

Aksjar kan fritt seljast eller gjevast bort utan betaling, med mindre noko anna kjem fram av lov, vedtekter eller avtale mellom aksjeeigarane.

Aksjeloven om adgangen til å omsette aksjer

 

Ved sal skal prisen normalt reknast ut frå marknadsverdien. Sal under marknadsverdi kan også skje. Då er det eit gåvesal. På same måte som når aksjar vert gjevne bort, vil dette kunne utløyse ei skatteplikt.

Aksjeloven om kjøp og salg av aksjer

Aksjeloven om særlige krav til aksjeerverver og aksjeeiere

 

Når aksjonærar sel eller på annan måte realiserer aksjar, vil gevinsten vere skattepliktig.

Ein avtale om overføring av aksjar skal meldast til styret i aksjeselskapet av den som overtek aksjane. Avtalen bør som eit minimum innehalde kven avtalen gjeld for, kor mange aksjar som vert overførte, og til kva pris. Aksjelova har reglar om samtykke ved erverv av aksjar, og reglar om forkjøpsrett for dei andre aksjonærane.

Aksjeloven om samtykkekrav ved eierskifte

Aksjeloven om forkjøpsrett

Når ei overføring er gjennomført, skal aksjeeigarboka oppdaterast umiddelbart. Selskapet fører den nye eigaren inn i aksjeeigarboka. Innføringa skal daterast. Den nye aksjeeigaren skal ha melding frå selskapet om at han/ho er innført i aksjeeigarboka, og kva som er notert.

Dersom overdraginga fører til at det skjer endringar i vedtektene til selskapet, eller for eksempel at styresamansetninga vert endra, skal endringa meldast til Brønnøysundregistera på skjemaet "samordna registermelding". Sjølve aksjeoverføringa melder ein til Aksjonærregisteret gjennom aksjonærregisteroppgåva. Siste frist for innsending til Aksjonærregisteret er 31.01. kvart år.

Avtaler mellom selskapet og leiinga i selskapet, aksjonærar eller nærståande

Selskapet kan inngå visse avtalar med aksjonærane sine, morselskap, styremedlemar, dagleg leiar eller nokon som er nærståande av desse, men det ligg då føre skjerpa krav til framgangsmåten. Utgangspunktet er at kvar avtale som har ein verkeleg verdi som er større enn 2,5 % av balansesummen i selskapet sin siste godkjende årsrekneskap, skal godkjennast av styret. Styret skal utarbeide ei framstilling og erklæring i samband med slike avtalar. Framstillinga og styreerklæringa skal vere daterte og underteikna av heile styret, med unntak av dei som eventuelt er inhabile. Framstillinga skal i tillegg vere stadfesta av revisor. Etterpå skal framstillinga, revisor si stadfesting og styreerklæringa sendast til alle aksjonærane, og til Føretaksregisteret.

Aksjelova om aksjeeigarboka

Aksjonæravtaler

Ein aksjonæravtale vert normalt inngått mellom aksjeeigarane i eit selskap, og regulerer forholdet mellom dei. Aksjonærane er ikkje pliktige til å inngå ein slik avtale, men det kan vere nyttig. Aksjonæravtalen forpliktar dei aksjeeigarane som skriv under på avtalen. Det finst ikkje noko krav til korleis avtalen skal sjå ut eller kva han skal innehalde. Eksempel på forhold som kan regulerast i ein aksjonæravtale er særlege reglar knytta til eigarskapet, krav på utbyte, konkurranseklausul, habilitet og krav om arbeidsinnsats.

Konflikt mellom aksjeeigarane

Det er ikkje uvanleg at det kan oppstå konfliktar mellom aksjonærar om organiseringa av selskapet. Kva som ligg til grunn for konfliktane er i forkant vanskeleg å seie noko om, men det kan vere fornuftig å ha eit bevisst forhold til dette. Av røynsle kan det vere fornuftig å


  • unngå å vere to eigarar som eig 50 % kvar av aksjane, fordi dette vanskeleggjer fleirtalsvedtak
  • inngå ein aksjonæravtale som avklarar korleis forholdet mellom aksjonærane skal vere i tilfelle usemje

I tilfelle der aksjonærane ikkje lenger klarar å samarbeide med kvarandre, kan tingretten, etter søksmål frå ein aksjeeigar eller frå selskapet, vedta innløysing eller utløysing av ein aksjeeigar sine aksjar. Slike søksmål må reknast som siste utveg, og det må liggje føre tungtvegande grunnar.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema