Drift av enkeltpersonføretak

Det finst inga lov som regulerer korleis du skal organisere og drifte ditt eige enkeltpersonføretak. Som innehavar av eit enkeltpersonføretak representerer du sjølv føretaket utetter, og det er ikkje noko skilje mellom økonomien til enkeltpersonføretaket og den private økonomien din.


Vellukka og ryddig drift føreset god økonomistyring, og det er viktig at du skil mellom økonomien til føretaket og privatøkonomien, som for eksempel at du har eigen konto der alle transaksjonar som omhandlar enkeltpersonføretaket blir gjort. Når du driv enkeltpersonføretak, har du normalt ein del rapporteringsplikter til myndigheitene, slik som for eksempel skattemelding, mva-melding og A-melding, dersom du har tilsette.

I eit enkeltpersonføretak kan du ha tilsette, men du kan ikkje tilsetje deg sjølv. Eigaren vert rekna for å vere sjølvstendig næringsdrivande og du er blant anna sjølv ansvarleg for at det vert betalt skatt  av overskotet i føretaket.

Utvide verksemda

Det er mogleg å drive med ulike ting i eit enkeltpersonføretak. Du må melde om dette til Brønnøysundregistera i skjemaet samordna registermelding. I beskrivinga byrjar du med det som vert rekna som hovudsysselsetjinga for så å liste opp det andre du driv med.

Det er også mogleg å registrere fleire enkeltpersonføretak. For å registrere fleire enkeltpersonføretak må kvart av enkeltpersonføretaka drive sjølvstendig næringsverksemd og det må drivast verksemd på ulike geografiske stadar eller i forskjellige bransjar.

Brønnøysundregistera om registrering av fleire enkeltpersonføretak

Endre eigar av eit enkeltpersonføretak

Eit enkeltpersonføretak kan ikkje overdragast frå ein innehavar til ein annan, men du kan overføre verksemda føretaket driv til eit anna føretak.

Brønnøysundregistera om å endre eigar av enkeltpersonføretak

Endre til aksjeselskap

Du kan ikkje skifte organisasjonsform frå enkeltpersonføretak til aksjeselskap. Etter nærmare reglar kan du stifte og registrere eit nytt aksjeselskap og drive aktiviteten frå enkeltpersonføretaket vidare gjennom det nye aksjeselskapet. Dette betyr at selskapet vil drivast vidare med nytt organisasjonsnummer. Dersom du oppfyller nærmare angjevne vilkår vil du kunne gjere ei skattemessig omdanning.

Signatur

I eit enkeltpersonføretak vil du som innehaver alltid ha signaturretten aleine. Signatur er ei fullmakt til å opptre på vegner av føretaket i alle samanhengar. Du kan ikkje tildele signaturrett til andre, men du kan tildele prokura.

Prokura

Prokura er ei avgrensa fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av føretaket i den daglege drifta. Den som er tildelt prokura kan ikkje pantsetje eller selje den faste eigedomen til føretaket. Som innehavar av eit enkeltpersonføretak kan du gje prokura til ein eller fleire personar, kvar for seg eller i fellesskap.

Registrering eller endring av prokura melder ein via Samordnet registermelding. For å finne ut kven som er prokurist i eit føretak søkjer du i nøkkelopplysningar i Einingsregisteret.

Brønnøysundregistrene - nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret

Brønnøysundregistrene - slik registrerer du endringer for ditt enkeltpersonforetak

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema