Forbod mot diskriminering av kundar

Alle som sel varer eller tenester i Noreg må bidra til å fremje likestilling og sørgje for å unngå å diskriminere. Som verksemd kan du ikkje nekte nokon å kjøpe ei vare, eller nekte nokon tilgang til ei teneste utan sakleg grunn.


Eksempel på diskriminering kan vere at ein nektar nokon å kome inn på ein utestad på grunn av etnisitet eller nedsett funksjonsevne. Å nekte nokon tilgang til ei vare eller teneste kan også vere straffbart etter straffelova. Dette gjeld der nektinga har samanheng med religion, livssyn, hudfarge, etnisk opphav eller seksuell orientering.

Utestenging av kundar

Å nekte nokon å kjøpe ei vare eller bruke ei teneste, eksempelvis nekte nokon tilgang til ein utestad på grunn av etnisitet, kjønn eller nedsett funksjonsevne er ulovleg og kan straffast med bot eller fengsel inntil 6 månader. Utestadar/restaurantar som diskriminerer kundar av slike grunnar kan få løyvet sitt inndratt.

Alkoholloven om inndragning av bevilling på grunn av diskriminering

Straffeloven om diskriminering på grunn av etnisitet, religion, seksuell orientering eller nedsatt funksjonsevne

Tilgjengelege lokale

Når du driv verksemd skal lokala og omgjevnadene lagast slik at dei kan brukast av alle menneske i så stor grad som mogleg, utan behov for individuelle tilpassingar. Dersom inngangen til for eksempel ein butikk ikkje er i same høgda som bakken utanfor, skal det eksempelvis vere rampe eller heis. Vidare skal det vere skilta tydeleg, og det skal vere mogleg å ta i bruk teleslynge for høyrselshemma. Ikkje all utilgjengelegheit vert rekna som diskriminering. Dersom det er for kostbart eller umogleg å sikre tilgjengelegheit vil verksemda ikkje vere pålagd å gjere endringar. Dette må vurderast i kvart enkelt tilfelle.

Likestillings- og diskrimineringsombudet om utilgjengelige lokaler

Likestillings- og diskrimineringsombudet om diskriminering av kunder

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema